Vil ha mannlege helsefagarbeidarar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha med fleire menn

Denne veka vert yrkes-NM arrangert i Trondheim. Over 350 deltakarar konkurrerer i 27 ulike fag.

LES OGSÅ: Fleire helsefagelevar sluttar før lærlingtida

Jentedominans
I nokre fag er kjønnsbalansen dårlegare enn andre.

Berre to av 29 helsefagarbeidarar i NM er menn.

Ein av dei – Simen Linnerud – jobbar til dagleg i Gjøvik med sjuke menneskjer i bustad, i heimesjukepleie og med folk i rehabilitering.

Han bekreftar at han òg i det daglege jobbar mest med kvinnelege kollegaar.

– Men eg meiner faget er eit godt val òg for gutar. Her er det mange spanande utfordringar, me kan halda roen i stressande situasjonar, me bidrar med styrke og medmenneskelegheit. Pasientane trivst òg med at det ikkje berre er kvinner som behandlar dei. Fleire gutar må velje helsearbeidarfaget! seier NM-deltakaren på nettsidene til WorldSkills Norway, som arrangerer meisterskapet.

LES OGSÅ:Ap vil gi gutar kjønnspoeng i helsefag

Lærerik oppleving
Under konkurransen har Simen har fått bryne seg på utfordringar rundt MS og hjerneslag, i tillegg til meir daglegdagse problemstillingar som stell, mating, forstopping, måling av blodtrykk og puls. 

– Eg føler det gjekk ganske greitt. Det er jo ein unaturlig situasjon med publikum tilstade. Eg kunne sikkert gjort noko annleis, men eg er nøgd. Det er fint å få tips av dommarane etterpå – slik lærer eg enno meir, seier helsefagarbeidaren, som vil ha fleire menn inn i yrket.

Og han er ikkje åleine.

LES OGSÅ: Skremmer vekk helsefagarbeidarane

HelseMenn

Simen Linnerud vil ha fleire menn inn i helsefaget. Foto: WorldSkills Norway

Ny nasjonal mannesatsing
Sidan 2010 har Trondheim kommune drive rekrutteringsprosjektet «Menn i helse», med slagordet «Må ha det, bare må ha det».

Målet er å få vaksne menn til å prøve ut og eventuelt omskolera seg til helsefagarbeidarar.

Sidan oppstarten har 112 menn gjennomført eller byrja med helsefaglig utdanning.  

Prosjektet har no spreidd seg til fem fylker og 20 kommunar og regjeringa vil gjere «Menn i helse»til ei nasjonal satsing.

Rekrutteringsminister i «Menn i helse», Frode Rønsberg, peikar på at me i Noreg har ein tydeleg kjønnsdelt marknad som òg pregar helsesektoren. Han meiner fleire menn må velje helsefag for å gjere tenesteytinga meir komplett ovanfor brukarane.

– Ikkje fordi menn er betre, men fordi menn har andre interesser, annan veremåte og kjem med andre idear. Me ynskjer en arbeidsstokk som speglar brukargruppa, og då er det naudsynt å auke andelen menn som i dag er på berre ti prosent, skriv Rønberg i ein epost til Framtida.no.

Han peikar òg på dei store bemanningsutfordringane i helsesektoren framover, som vil gjere det naudsynt å rekruttere frå begge kjønn. Berekningar frå Statistisk Sentralbyrå peikar på at me kan mangle heile 57.000 helsefagarbeidarar i 2035. Då er det viktig med mannlege rollemodellar å sjå opp til.

Sjå rekrutteringsfilm frå «Menn i helse» her: