Fleire helsefagelevar sluttar før lærlingtida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dekkjer berre femte- del av behovet

To tredelar av elevane på helsefag i vidaregåande skule tek ikkje fagbrev. Elevane hopper av på grunn av små stillingar, låg lønn og mangel på status, skriv Forskning.no. Årsaka til avhoppinga er skildra i ein rapport skriven av forskarar frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) og Fafo.

– Fleire vil truleg velje å bli lærling dersom det var lett å gå over til sjukepleiarutdanning etterpå. Å gjere det lett å gå vidare, kan faktisk få fleire til å bli helsefagarbeidarar, seier Fafo-forskar Torgeir Nyen til forskingsnettstaden.

LES OGSÅ: Skremmer vekk helsefagarbeidarar

Forskarane tilrår at stillingsprosentane i sektoren blir auka for å gi lærlingordninga ei større rekrutteringsrolle i helse- og omsorgssektoren. (©NPK)

Kva meiner du bør gjerast for at fleire skal fullføra?