Science Alert skriv om moglegheita for at whiskyavfall kan brukast som alternativt drivstoff. Whisky, som inneheld vatn, gjær og korn, brukar berre 10 prosent av desse ingrediensane i det ferdige produktet – resten blir avfall eller dyrefor.

Framtida skriv om Det grøne skiftet – idéar for ei grøn framtid

Whisky på tanken
Det vil Celtic Renewables Ltdgjera noko med. Sidan 2012 har dei produsert biobutanol av whiskyavfallet frå den skotske whiskyindustrien.

Og den skotske whiskyindustrien er stor. Kvart år rakar den inn 4,3 milliardar pund for Storbritannia – og kvart sekund blir 40 flasker eksportert ut, ifølgje Scotch Whisky Association.

LES OGSÅ: Slik skal me nå lågutsleppssamfunnet

– Biodrivstoff, whisky og meg
Under kan du sjå eit opptak frå TED der grunnleggaren av Celtic Renewables Ltd, Martin Tangney, snakkar om arbeidet dei gjer og prinsippa bak biodrivstoff – og kvifor det er noko å få augene opp for.

Der fortel han blant anna at dei aller første bilane, dei gjekk faktisk på biodrivstoff.

LES OGSÅ: Få har helsegevinst av alkohol

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE