For radioaktive til å etast

Are Kalvø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Ein sopprik sommar og haust er ifølgje veterinærane truleg hovudårsaka til dei høge radioaktive verdiane.

– Vi har denne hausten ein dramatisk auke i talet på sauebesetningar som får nedfôring, seier tilsynsveterinær Hans Schwencke i Mattilsynet i Gudbrandsdalen til Nationen.

LES OGSÅ: Kan denne redde verda?

Radioaktiv dal
Hausten 2013 var det berre to sauebesetningar i Gudbrandsdalen som måtte nedfôrast på grunn av for høg radioaktivitet i sauekjøtet.

– I år er det heile 69 saueprodusentar i Gudbrandsdalen som har ei eller annan form for nedfôring, seier Schwencke.

Det er om lag halvparten alle besetningane som er målt.

I haust er det jamt over høge radioaktive verdiar i heile måleområdet i Gudbrandsdalen. I Valdres har også talet på sauebesetningar som er på nedfôring auka kraftig.

– Hausten 2013 kom berre seks av 56 sauebesetningar som vi målte i Valdres, på nedfôring. I år er heile 20 av 56 målte sauebesetningar på nedfôring.

LES OGSÅ: – Har lært oss å leve med Tsjernobyl

Sju gonger for mykje
Fleire stader i Valdres og Gudbrandsdalen er det denne hausten målt opp mot 4.500 becquerel per kilo på sau. Det er verdiar som er sju gonger høgare enn tiltaksgrensa på sauekjøt for sal som er på 600 becquerel per kilo. (©NPK)