Leiv Are Grimstad, Vikebladet
Leiv Are Grimstad, Vikebladet

– Ein stor milepæl for det tamilske folket, seier Steven Pushparayah. – Dommen betyr at tamilar som på demokratiske måtar kjempar for rettferd og demokratiske rettar på Sri Lanka no slepp å ha terrorist-stempel på seg. Etter denne dommen vil vi lettare kome til orde i dei diplomatiske kanalane rundt om i verda.

Det var under fredsmeklingane på Sri Lanka i 2006, der norske Erik Solheim var hovudmeklar, at LTTE fekk terrorstempel av EU. Sidan har dette følgt alle som har kjempa for rettferd for tamilane.

LES OGSÅ: Skuldar Hareid for terroristsamling

Etter at krigen på Sri Lanka var over har diskrimineringa av tamilar halde fram, men i 2011 vart det reist sak i EU-domstolen i Luxemburg. Etter tre års kamp fall det dom denne veka: EU opphevar restriksjonane mot LTTE.

– Dette er ei gladmelding til alle terrorstempla fridomskjemparar, seier Pushpararyah, som er svært takknemleg overfor dei tre nederlandske advokatane som har ført saka for tamilane.

– Vi er demokratiske aktivistar, ikkje terroristar, seier Pushparayah, som sjølv er politisk aktiv for Høgre i Ulstein kommunestyre.

LES OGSÅ: Dei nye bygdelaga

Saka var først publisert i Vikebladet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

ANNONSE