– For oss har teljing av turar motivert oss til å komma oss meir ut. Det er motiverande og forpliktande for oss når turane skal dokumenterast, men det er også kjekt å motivera andre med at me deler våre erfaringar, seier Ingebjørg Nondal, som står bak bloggen Utetid.net.

Framtida.no skal kåra Verdas beste nynorske blogg!

Då ho såg seg lei av at familien brukte for mykje tid framfor skjermen, sette ho målet om 100 turar i løpet av 2014. Så langt har ho nådd 79 turar, som alle har blitt nøye dokumentert.

Og ja, ho ser ironien sjølv i at eit mål om mindre skjermtid blir så nøye dokumentert på Internett, både gjennom blogg og sosiale media.

Sjekk bloggen her!

Kortare dørstokkmil
Som oftast er ikkje sjølve turen, dårleg vêr eller tidsbruken sjølve utfordringa med å komma seg ut litt.

Det er dørstokkmila, som ofte blir for lang for dei fleste av oss. Dette kjende også Nondal og familien på lenge. Etter ein del turar har det heldigvis blitt lettare – mykje grunna rutinen.

– Dørstokkmila kjennes ikkje lenger like uoverkommeleg. Fordi vi er oftare på tur, treng vi ikkje leite like mykje etter sekkar og turklede kvar gong. Me har og fått meir rutine på kva me treng å ta med oss på tur – og ikkje minst kva me ikkje treng, fortel Nondal.

LES OGSÅ: Ser mot Tyrkia

Tyngst for dei store
Trebarnsmora frå Odda fortel at dørstokkmila, den var tyngst for dei store.

– Barna trives godt ute så lenge turen går på deira premissar. Dei seier at dei ikkje likar å gå, men dei tilbakelegg fort fleire kilometer om dei får hoppa, klatra og leika seg av garde. 

LES OGSÅ: Går og bloggar Noreg på langs

– Det einaste du risikerer er at det gir meirsmak
På bloggen legg Nondal ut mange tips til korleis ein skal komma seg meir ut, og ikkje minst til kva ein kan gjera når ein først er der ute. Det er eit tips ho meiner er det viktigaste.

– Senk lista, og dra ut på barna sine premissar. Ikkje gjer det så komplisert, du treng korkje erfaring eller avansert utstyr for å dra på tur i nærområdet. La turen i seg sjølv vera målet, og utforsk naturen saman med barna. Det einaste du risikerer er at det gir meirsmak.

– Det meste blir betre utandørs, legg ho til. Difor har det vore mogleg å komma opp i 79 turar så langt i år – godt i rute for målet på 100 før året er over. Målet for neste år har ho ikkje planlagd så nøye endå.

– Det kan henda det blir fleire langturar, men me vil framleis fokusera på dei korte ettermiddagsturane me kan få til i kvardagen. Stemninga i familien blir mykje betre etter litt tid utandørs, seier Nondal.

LES OGSÅ: Bloggpresten

Det aller kjipaste
Det er sjølvsagt ikkje alt som er like kult ute på tur.

– Kva er ordentleg kjipt med å gå på tur?

– Det kjipaste er når du, litt for seint innser at det er litt for lenge sidan førre måltid. Foreldre med lågt blodsukker er lite motiverande, og slikt blir det fort dårleg stemning av, seier Nondal.

Men ho legg til at det generelt er få kjipe ting ved å gå på tur.

Veit du om gode, nynorske bloggar? Tips oss her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE