Bloggpresten

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Steinar Sneås Skauge byrja å blogge for fem år sidan, var det mest for sin eigen underhaldnings del. Han ville ha ein drodleplass.

No er drodlinga kåra til denne vekas blogg i Framtida – og nominert til verdas beste nynorske blogg.

LES OGSÅ: Den gale profeten

– Ikkje ein bloggar
På bloggen kan ein lese om alt frå eksentriske menn frå gamle dagar, kyrkjehistoriske fakta og aktuelle ting frå nyheitsbiletet som opptek bloggaren – som ikkje kjenner seg heilt att i nettopp den tituleringa.

– Eg er jo ikkje ein bloggar eigentleg, dette er ein nisjeblogg på alle måtar og eg har ikkje noko voldsomme lesartal, understrekar 32-åringen.

I snitt har han 50-60 lesarar per innlegg, men rekordinnlegget har svimlande 7000 visningar. Det var då han spurde spørsmålet: Er kristne først og fremst redde for døden?

Eit spørsmål som gjekk som ei kule då han vart anbefalt på Lesernes VG.

LES OGSÅ: Bygdas bloggstemme

Leksikonbiskopen
Men kven er eigentleg St. Isidor?

– Eg er jo aktiv på Wikipedia. Og St. Isidor var ein biskop som levde i Spania. Han var ein voldsomt lærd mann og sette seg føre å skrive eit leksikon med all kunnskap i verda. Det er jo det Wikipedia har sett seg føre òg, forklarar presten frå Meland.

Bloggaren vonar han har lært å skrive betre, spissare og meir interessant sidan starten i 2009.

Han er likevel ikkje sikker på om han har så mange tips til andre bloggarar, unnateke dette eine:

– Skriv om det du synest er gøy. Om du skriv med entusiasme er det lettare for at andre synest det er gøy, sjølv om det er noko ein ikkje skulle tru ein var interessert i.

Sjølv les han bloggen til Bjørn Are Davidssen, Saksynt av Gunnar Tjomlid og den lokale nynorske bloggaren Kokeluren.

Sjekk ut andre gode nynorske bloggar her.

Svensk kjøleskapmagnetmaskin
Inspirasjon til bloggen hentar han frå kyrkjeåret, ting han les og i media.

– Er det noko du ikkje kunne blogga om?

– Det er mykje eg ikkje kunne blogga om. Mote til dømes, men det går mest på at eg ikkje har kunnskap om og interesse for det, svarar presten, som føler seg fri til å skrive om alt det han har lyst å skrive.

Nyleg kasta han seg inn i debatten om dyreverd knytt opp mot avlivinga av hunden Tønes – som fekk folk til å gå i fakkeltog – men då frå ein teologisk ståstad. Eit innlegg han fekk positive tilbakemeldingar på, mellom anna frå ein dyrevernar.

Men kanskje den aller beste tilbakemeldinga han har fått, var då ein svenske som likte bloggen sendte han to kjøleskapsmagnetar laga av bloggfana hans – som sjølvsagt er Wikimedia Commons.

– Han hadde tilfeldigvis ein kjøleskapmagnetmaskin, så no heng dei på kjøleskåpet mitt.

Tips oss om gode nynorske bloggar her!

Rasisme og aggressive ateistar
– Får du nokre kjipe tilbakemeldingar?

– Ja, nokre gonger. Når eg skriv om anten innvandrarar eller romfolk hender det at det kjem noko på Twitter eller Facebook. Dei er ikkje kjipe fordi dei angriper meg, men fordi det er grov rasisme. I tillegg har ein nokre av desse aggressive ateistane når eg skriv om kyrkjestoff, men eg klarar ikkje å ta det seriøst, avsluttar bloggpresten.

Faktaboks

 Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.