(NPK-Ingrid Eidsheim Daae):
(NPK-Ingrid Eidsheim Daae):

– Mat og mattryggleik er eitt av hovudarbeidsområda til Bygdekvinnelaget. For oss er det eit mål at det skal vera godt å bu i distrikta, og då treng me òg eit landbruk det går an å arbeida i. Difor set me søkjelyset på sunn og god norsk mat, seier nestleiar Ellen Krageberg i Noregs bygdekvinnelag til Nynorsk pressekontor.

Torsdag markerte Bygdekvinnelaget Verdas matdag i Oslo med frukost og diskusjon kring spørsmål knytte til matkultur.

LES OGSÅ: Desse smakane må alle kunna

Tvilsame tabloidar
Trass i at media dei seinare åra har retta søkjelyset mot sunt kosthald og kome med alle slags helseråd, er Krageberg ikkje sikker på at kunnskapsnivået i folket eigentleg har vorte høgare.

– Det er ikkje alle som kan meir, for det er ikkje alle som interesserer seg for sunn mat. Dessutan får ein ikkje heile sanninga frå overskriftene i tabloidavisene. Dei skriv ein dag at det sunt med kaffi og gulrøter, og den neste at det er usunt, seier ho.

På frukostmøtet deltok mellom andre kokebokforfattar og matspaltist Gunda Djupvik.

– Folk er usikre på korleis dei skal handtera råvarer. Dei veit heller ikkje kva for varer som har sesong kor tid, eller kor lenge mat eigentleg held seg. Det vert det veldig dårleg matøkonomi av, sa ho.

Sjølv om Djupvik er oppteken av å laga god mat frå botnen av, er ho ikkje framand for å «juksa litt» innimellom.

– Korkje du eller ungane dine døyr om du serverer pastasaus frå eit glas innimellom, det er heilt greitt. Eg fattar heller ikkje kvifor folk er så redde for e-stoff. Mange av dei er heilt naturlege, slik som sitronsyre. Det er berre masse antioksidantar, som gjer at maten held seg betre. Det hindrar svinn, og det er jo berre bra, sa ho.

Matsak3

 Leiar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet meiner me må eta meir norsk mat – og betala det han kostar. FOTO: Ingrid Eidsheim Daae / NPK

LES OGSÅ: Vil få fleire til å smaka på maten

– Kastar for mykje
Det siste poenget får ho nok med seg leiar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet på. Han var og invitert for å snakka om maten me et – og ikkje et.

– I Noreg kastar me 420 000 tonn mat kvart år, og halvparten av han er fullt brukbar, sa Haltbrekken.

Han er oppgitt over nordmenn som klagar over at maten er dyr.

– I dag brukar eg mellom ti og tolv prosent av inntekta mi på mat, bestemor mi måtte bruka 40 prosent av det ho tente. Foreldra mine måtte jobba i ein time for å få råd til juleribba. Eg må jobba i åtte minutt, og tener nok til mellom 50 og 60 kilo svineribbe på ein arbeidsdag, sa han.

LES OGSÅ: Folkerop etter stygge poteter

– Treng norsk jordbruk
Som Bygdekvinnelaget meiner Haltbrekken der er viktig å verna det norske jordbruket, ikkje minst av omsyn til klimaet. Han likar ikkje at delen dyrka jord i Noreg stadig vert mindre.

– Det viktigaste er at det er svært dårleg for klimaet å transportera mat over lange avstandar. I tillegg trugar klimaendringane forholda for matproduksjon mange stader, og når ressursane kjem under press er me nøydde til å ta ansvar for å produsera til oss sjølve, seier han til Nynorsk pressekontor, og etterlyser ei jordvernlov som forbydd nedbygging.

LES OGSÅ: Vakrare mat har ein giftig pris

Tek familiar i skule
I år arrangerer Bygdekvinnelaget òg matkurs over heile landet. Der inviterer dei foreldre og born til å delta saman.

– For mange er kvardagen prega av at me har dårleg tid. Ungane får sjeldan vera med og laga mat, for då tek det lenger tid. I tillegg brukar folk mykje halvfabrikata. Det er rett og slett eit hol i danninga hjå mange, dei veit ikkje kva som er gode råvarer og korleis dei kan brukast. Det vil me læra dei, seier Ellen Krageberg i Bygdekvinnelaget.

– Kva er ditt beste kosthaldsråd?

– Eg er ingen ernæringsekspert, men eg trur på kosthaldsråda til staten. Me må eta jamleg gjennom dagen, få i oss mykje frukt og grønt, bruka meir reine råvarer og mindre prosesserte produkt, og eta meir fisk.

LES OGSÅ:– Barnemeny burde ikkje vera lov

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE