Eksemplets makt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I eit klasserom i Vanylven, står Parr framfor smartboarden. Ho skriv så hardt på tavla at elevar seinare parodierar henne for det. Ho fortel historier, med hendene i sidene, og R’ar så rullande at dei trillar heilt til atterste pult. Ja, det finnst dei der ute som har Maria Parr som lærar i norsk. Og dei får kjenne at jenta er ein prisvinnande, mykje omsett, bestselgjande forfattar. Når Parr prøver å trenge gjennom med tungt stoff, då lagar ho forteljing av det.

No er Maria Parr aktuell med «Vaffelhjarte»-teater

– Er det tid til forteljing – på skulen?

– Det vil eg seie at det er. Då meiner eg forteljinga i vid forstand, seier Parr. Ho er omgitt av forteljingar i dag, då ho sitt i lobbyen til «forfattarhotellet» Breiseth i Lillehammer. Parr er engasjert til opplesing. Det er andre gong på halvanna år. Ein barselpermisjon går mot slutten. Oppdragsgivarar står i kø, då, for å få mammaen til Tonje Glimmerdal til kateteret, scenen – og biblioteket.

Berre timen tidlegare stod ho på Lillehammer Bibliotek: Salen er fullsett av ungar. Sju – åtte år gamle, stirar på den unge kvinna på scena.  Det er høgt under taket, eit svært lokale, og tusen distraksjonar for ungane. Men Maria Parr har noko viktig å fortelje, ei dramatisk historie som ungane berre må høyre. Så ho les høgt og bestemt frå Tonje Glimmerdal, og samlar heile rommet, alle ungane, med sterk, tydeleg røyst. Ungane lyttar konsentrert. Etterpå strekk ein skog av armar seg i veret, og vil ha merksemda til forfattaren, stille henne spørsmål om det å vere forfattar. Maria Parr har knekt ein formidlingskode – på papiret, i skrift, og i rommet, som opplesar og formidlar av eigen litteratur.

– Det er fordi eg fortel dei ei viktig historie, ei som dei skal høyre.

LES OGSÅ: Ektepar fanga av Hamlet

Dei gode rettebunkane
Sjå no for deg ei purung Parr. Sju-åtte år gamal har ho allereie kvitt hår, og er ei kvikk og gløgg jente som har lett for å lære. Ho kjem snart «under streken» på lista over ting dei skal gjere på skulen, og får velje mellom mindre strevsame oppgåver. Parr vel nesten alltid å «skrive forteljarbok». Etter skuletid heng ho ute i skogen, ved elva, og om kvelden er ho heime i huset, med foreldre som har kome heim frå jobbane på skular i kommunen. Mora frå barneskulen i Fiskå, og faren frå ungdomsskulen på Åheim. Mens foreldre sitt med rettebunkar, les Maria ei bok som skapar både glede og lengt. Det er ei god lesaroppleving for henne. Tjue år seinare sett ho seg sjølv ved arbeidsbordet, legg fingrane på tastaturet, og prøver å skrive det som skapar lengt og glede, i ungar.

– Engasjement kan vere iver og glede. Men også triste ting kan lage engasjement. Så eg veit ikkje heilt eg, seier Parr, som skildrar seg sjølv, som barn, som ein lystelev.

LES OGSÅ: Flink pike – og forfattar

Ville ha ho til å rekna
– Eg byrja utdanninga mi til å bli forfattar med å skrive den der forteljarboka. Andre ville ha sagt at eg skulle ha rekna. Men for meg vart forteljing viktig.

– Bør forteljing bli eit eige fag?

– Eg har proklamert overalt at forteljarfaget er viktig. For meg var det viktig – eg vart jo forfattar. Men det betyr ikkje at alle skal gjere det, seier Parr. Skrivegleda hennar smittar over på lesarar. Ho er omsett til X språk, og ser verdien av lystarbeid.

– Men eg hadde kanskje hatt godt av å bli pressa til å gjere meir av det som eg ikkje absolutt hadde lyst til. Vi er jo så viseleg innretta at vi er flinke til det vi har lyst til, og at vi blir flinke til det lystbetonte.

maria-parr_tett-pa°

Parr tar skuleungane på alvor. Og no har det blitt alvor for ho også. No er hennar eige barn over året gamal. Foto: Mette Karlsvik

LES OGSÅ: Fekk Nobelprisen – kjenner du han?

Til brannen
Det norske teatret, 2005: Tradisjon sitt i veggane, og tradisjon tru skal ein debutant lese for pressen og tilhøyrarar. Maria Parr på nokre og tjue går opp, tar mikrofonen, tar rommet med ei høg røyst, med spenst i kvart ord, med ei haldning som seier «Hei alle de i rommet, høyr på denne historia her!» Med handa på hjartet, hevdar eg som skriv dette intervjuet, at inga forfattaropplesing har overrumpla og imponert meg så mykje som denne. Og sidan då har Parr vore landet rundt gjennom Den Kulturelle Skulesekken, og har mellom anna lese inn sine eigne bøker som lydbok. Også der, med denne insisteringa i stilen: Eg har ei viktig forteljing! Høyr på dette, du!

– Eg har aldri vore så nervøs som eg var før den Samlagslanseringa. Ungar er eit krevjande publikum. Måten å engasjere dei, er med å vere tilstades. Eg må samle dei.

– Kvar gong eg har høyrt deg lese, er du full av pepp. Kva er løyndomen? Kaffi, cola?

– Eg spis alltid mykje mat, eg. På skuleturné har ein alltid ete ein skikkeleg hotellfrukost før ein fer ut, seier Parr. Skuleturnear krev køyring og finning fram til klassar. Det er møte med stadig nye klassar, nye lærarar, nye rom. Det har blitt ei grense for ein turnéforfattar med tre økter på ein dag. Men då Parr reiste mest, var det ikkje uvanleg med fire timar om dagen.

LES OGSÅ: Absurde reiseskildringar

– Eg var på veg til å gå på autopilot, og gleda meg ikkje like mykje til det. Då var det viktig å ta pausen. Ungane er nye for kvar gong. Dei må få kjensla av at eg verkeleg vil vere med dei.

– Du svarte alle spørsmål frå barna seriøst, i biblioteket i dag. Også dei som var mindre relevante til litteratur.

– Det ungar spør om, det lurar dei på. Då må eg som best eg kan å svare på det spørsmålet. Det verste eg veit er å svare nokon med «høyrte du ikkje at ho andre spurde om det» eller «eg sa jo i stad at (…)». Det hender jo, særleg når eg er i ein førsteklasse, at dei kan vere litt usaklege. Eg har slutta å svare på slikt med kva fotballag eg heier på eller anna. Om eg svarar på det, då sporar det skikkeleg av.

– Det er vanskeleg når dei er så mange som dei var no, for då kan eg ikkje svare så inngåande. I ein mindre forsamling kan ein ta seg meir tid til å svare, og gjere det skikkeleg ut frå dei spørsmåla som dei stiller.

Parr tar skuleungane på alvor. Og no har det blitt alvor for ho også. No er hennar eige barn over året gamal. Barselspermisjonen er over. Og eg, godt vaksen som eg er, håpar at det kjem nye bøker frå Parr. Ikkje berre for å lese til tanteungane mine. Mest av alt les eg for min eigen skuld.

LES OGSÅ: Vil sjå lesande menn