Flink pike – og forfattar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho kan puste letta ut og bestille seg eit glas tørr kvitvin. Meldarane ser ut til å likt og forstått den siste romanen hennar, «Den beste hausten er etter monsun». Forstått kvifor ho har teke dei vala ho har gjort og lagt historia til fjerne himmelstrok, med enno ein luftas baron i hovudrolla.

Brennheitt område
Ho har nemleg hatt påfallande mange folk som jobbar med fly i historiene sine, mellom anna i romanen «Flytårn» (2007), der hovudkarakteren arbeider i eit flytårn på Nordmøre.

At fleire karakterar arbeider over bakkeplan, er for å gje eit overblikk. Det er ei gåve for ein forfattar å få denne allvetande forteljaren, utan å ha ein anonym 3. personsforteljar, forklarar Karlsvik.

I si nyaste bok har ho bevegd seg lenger heimafrå enn nokon gong før, når ho har lagt ein fiktiv NATO-base i Sikkimsdalen i Himalaya.

– Det måtte vere der, fordi det er der mange viktige land møtes. Det er der det brenn storpolitisk mellom Kina, India, Tibet, Nepal, den indiske delen av Himalaya og austover mot Bangladesh og Bhutan. Det er ikkje satt der fordi eg ville vere eksotisk, men fordi eg trur det er der mange storpolitiske slag vil stå framover, seier Karlsvik, og legg til at ho vonar boka kan ha profetiske element.

Òg meldaren i Dagsavisen kalla boka ein framtidsroman, trass i at Magnus Karlsen er nemnt.

Elsykkel frå vestkanten
Vidare treff den kvinnelege jagarflypiloten Venor ein indisk tebonde, som fysisk sett er meir jordbunden enn ho sjølv. Boka kjem inn på klima og korleis me påverkar kvarandre.

– Etter at eg vart vaksen verkar ikkje kloden så svær lenger. Eg har funne ut at me kan krysse han på x antal timar, alt etter kva framkomstmiddel me bruker. Eg fekk ei aha-oppleving om at kva eg gjer betyr noko. Det handlar om den plassen ein tek, seier Karlsvik.

Treffande nok er Karlsvik på veg til miljøstasjonen når Framtida.no møter ho. Ho skal mellom anna kvitte seg med ein putene til ein smaragdgrøn sofa i fløyel.  Dette er ein del av flytteprosess, ut av byen. Vestover. Med ein mann som får ho til å smile når ho pratar om han.

Eg får sitje på til ærverdige Rica Holmenkollen Park Hotell, der ein kan sitje ute og nyte siste drag av sommar med utsikt mot byen.

Til vanleg bruker Mette å elsykle ned til byen, men i dag vart det bil, som ho kveler i rundkøyringa. Ho køyrer sjeldan.

Til vener og kjente kallar ho det Voksenlia, men eigentleg er det Holmenkollen ho no flyttar til.

– I og med at det tradisjonelt sett har budd folk frå den sosioøkonomiske overklassa her, kjennest det vanskeleg å snakke om at eg, som er relativt mindre bemidla forfattar bur der. Men den i meg som er oppteken av å bo i eit område med overskot til å handle proaktivt i forhold til økologi og fellesskap, trivst veldig godt, forklarar ho.

Attende til Island <3
Fysiske stader har vore ein stor inspirasjon gjennom forfattarskapet. Då gjerne stader som ho likar godt, og kan tenkje seg å vere mentalt gjennom ein langs skriveprosess. Island er ein slik stad, som inspirerte handlinga i Brageprisnominerte «Bli Bjørk». Kven historia handlar om kan du kanskje gjette.

India var ein tøffare stad å skrive om, rett og slett fordi ho ikkje likte seg så godt der. Men det måtte jo vere der det skjedde.

– Det er nok fordi det var ein trong fødsel at dette ikkje kjentes som ei god bok, difor er eg letta over å vere ferdig og letta over mottakingane, seier Karlsvik, som ikkje ligg på latsida etter ei bokutgjeving.

I skrivande stund jobbar ho med tre nye manus. Eitt av dei – det som etter planen skal gjevast ut i 2015 – er ein tur attende til Island, som ho kjenner så godt og er så glad i.

Ho portretterer eit livsløp langs elva Varma, og trekk slik parallellar mellom det visuelle landskapet og det indre livet til folka som lev langs elvebreidda. Det er biletkunstnaren i ho, som syter for det.

Mette har sjølv budd på Island og kan nok trygt kallast ein ekte islandsven, som gjerne hadde sett at me hadde meir kontakt med innbyggjarane på sogaøya, vår felles historie teke i betraktning.

Nyheita om at eit nytt islandsk parti vil verte Noregs 20 fylke fell i god jord der i garden.

– Kanskje me skal starte eit systerparti i Noreg? seier ho med glimt i auga.

LES OGSÅ: Nominert til Brageprisen

Stemma til Mette
Det andre prosjektet «Ni kvinnestemmer», er ni monologar der forfattaren skriv med stemma til kjente kvinner, som ikonet Marilyn Monroe og Valerie Solanas, ein forfattar mest kjent for å ha freista å drepe Andy Warhol.

Men det som engasjerer mest akkurat no er Mette si eiga stemme – i dialog med ein medforfattar. Det er eit rykande ferskt prosjekt i ein tidleg fase. Forleggar i Samlaget David Aasen har oppmoda ho til å svare på spørsmål, og han gjer det same. Det vert ein dialog, fleire korte tekstar, som er litt essayistisk.

– Det er veldig motiverande og inspirerande. På eitt døgn har eg skrive meir enn eg nokosinne har gjort på den tida før. Men det kjennes nesten som det går for lett, at det er litt for lite motstand i stoffet, seier Mette.

Historier frå barndommen skriv seg nesten sjølv, som den om Fredrik Firfirsle, som fekk ein eigen liten heim i Tyriveien 2.

Det som går tyngre med refleksjonane. Ho har alltid skrive i historisk presens. Har ho den same tyngda som Knausgård har i refleksjonar om eige liv, undrar ho.

Prosjektet skil seg ut frå hennar tidlegare bøker.

– Det eg ikkje har gjort før er å by på meg sjølv, medgjev Mette.

LES OGSÅ: Knekkebrød, gjedder og glitterlim

Inn i menneskesinn
Det er sjølvsagt med unnatak av debutromanen basert på eigne erfaringar med eteforstyrringar, men den fyrste romanen er alltid spesiell.

– Eg skal vere den fyrste til å innrømma at psykologiske portrett og menneskeportrett har eg ikkje byrja med enno, det får bli neste prosjekt. Å gå inn i menneskesinnet. Men då må det vere eit sinn der eg trivast med å vere. Eg må like personen, men det er mange måtar å lika nokon på. Då skal romanen berre heite noko slikt som Toralf, eller namnet på den personen, og handle om den personen. Og det skal vere ein ekte person. Ein rar person. Eg kjenner ikkje så mange folk godt. Dei eg har komme nær, har eg skjønt er rare. Det gjeld sjølv dei som utanfrå framstår plettfri, glansa, perfekte. Alle har sine ting. Heldigvis.

No skal det seiast at «Bli Bjørk» var modellert etter to ekte menneskjer, og debutromanen «Vuindauga i matsalen vender mot fjorden» handla om sjukdommen, som tappa ho sjølv for krefter og førte til sjukehusinnlegging, men ikkje før ho vog 35 kilo.

– Eg ville avstigmatisere og avmytifisere eteforstyrringar, forklare at anorexi ikkje alltid er slankesjuke. For nokre handlar det ikkje om eit ønske om å verte slank, men sorg. Meir automatiske prosessar, som blir ei psykosomatisk liding.

LES OGSÅ:Eit lite stykke Island

Hjelp for å hjelpe
Dette og andre ting i oppveksten har Mette freista å kome til botnen i. Og då går ho grundig til verks. Ein periode gjekk ho i youngiansk freudiansk psykoterapi fire gongar i veka.

Det høyres voldsomt ut.

– Det var ganske voldsomt, bekreftar Mette.

Pasienten ligg på ein benk og terapeuten sit bak, slik at ein ikkje kan sjå han. Kvifor ein ikkje skal sjå terapeuten veit ho ikkje. Kva ho fekk ut av det, er ho heller ikkje sikker på. Ho ville rydde opp i gamal bagasje, for å betre kunne vere til hjelp for andre. Vere eit medmenneske.

– Eg freista å finne ut korleis det kunne gå så langt. Kvar var helsevesenet og dei som skulle hjelpe?

Noko ved Mette, arbeidet og historia hennar får meg til å tenkje på flink pike-syndromet.

35-åringen kan bekrefta at ho alltid har vore flink. Ho gjekk i si tid ut frå ungdomsskulen med ein «meget» og resten «særs godt», noko ho skildrar som «galskap», «koko» og «manisk».

Men arbeidslyst og flinkheit gjer òg at ho får ting gjort.

Men at det går an å verte for flink, trur forfattaren, som legg til at det sjølvsagt er mange ting ho ikkje er flink til.

Ein av dei er å la være å arbeide.

LES SISTE NYTT OM BØKER HER!

Her kan du lesa tekstar og saker Mette Karlsvik har skrive for Framtida.no!

Faktaboks

Mette Karlsvik (fødd 1978)
• Forfattar og skribent frå Frei på Nordmøre
• Har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen. Har òg ein bachelor i biletkunst frå Glasgow og bachelor i journalistikk frå UiB
• Debuterte med romanen «Vindauga i matsalen vender mot fjorden» (2005),  som ho fekk Tarjei Vesaas debutantpris for
• «Bli Bjørk» (2011) vart nominert til Brageprisen
• Debuterte som dramatikar med «Plass» (2011)
• Første mottakar av Stig Sæterbakkens minnepris i 2012

Les meir på Allkunne.no!