Rumpeldunk eller cheerleading?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile éin av tre ungdommar vel heller å bli heime enn å finne på ting med venner, melder VG måndag. 

Norske ungdommar sit mykje inne åleine foran ein skjerm og driv heller med eigentrening, framfor å drive med organiserte aktivitetar saman med andre, ifølgje ein rapport frå NOVA.

Forskarar frå NOVA har kartlagt vanane til om lag 80.000 elevar ved ungdoms- og vidaregåande skular, og psykolog Willy-Tore Mørch er mellom dei som er uroa over funna.

LES OGSÅ: Ungdommar er meir åleine

Populær heiagjeng
Av organiserte aktivitetar kan ein sjølvsagt drive med handball og fotball, men om dette ikkje er noko for deg, har Framtida samla nokre alternativ.

Her er nokre meir kreative forslag:

Cheerleading: Cheerleading har vore ein tradisjon i USA i over 100 år, men er betydeleg yngre her heime. Første cheerleadingklubb i Noreg vart starta i 1997, men dei siste åra har interessa auka kraftig. I dag er det registrert over 40 klubber i Norwegian Cheerleading & Dance Commitee.

Klubboversikt finn du her.

Rugby: Norges Rugbyforbund har 3600 medlemmer fordelt på 28 klubbar frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord. I år feira norsk rugby 50 år og feira med å arrangere EM for kvinner på heimebane.

Amerikansk fotball: Sporten utvikla seg frå same opphav som europeisk fotball og rugby på 1800-talet, men liknar i liten grad på det me kallar fotball. Sporten er stor i USA, men relativt liten i andre delar av verda. Likevel er det ein av sportane i Norges amerikanske idretters forbund som opplever vekst.

Her er ei oversikt over laga.

LES OGSÅ: – Amerikansk fotball har plass til alle

Frå Galtvort til Noreg
Det er ikkje berre sportsgreiner frå USA, som veks i Noreg. Nokre kjem heilt frå Galtvort, medan andre kjem frå Canada.

Lacrosse: Spelet med dei karakteristiske køllene med nett på, vart fyrst spelt av kanadiske indianarar alt på 1200-talet. Norges Lacrosse Forbund (NLF)vart stifta i 2007 og har i dag over 200 aktive spelarar, både kvinner og menn.

Her finn du ei oversikt over laga.

Cricket: Sporten breidde seg med kolonimakta Storbritannia og er særleg stor i India og Pakistan. Den første klubben vart stifta i Oslo i 1976. Norges Cricketforbund melder om kraftig medlemsauke dei siste åra. Forbundet har kring 14.000 aktive medlemmer, storparten av desse held til i Oslo-området.

Sjå oversikt over klubbar her.

Diskgolf: Golfinspirert spel der ein nyttar sendeplate istadenfor ball. Sporten har vekse dei siste åra og fleire banar har poppa opp landet over. Ifølgje Diskgolf Norge er det no kring 60 banar landet over.

Rumpeldunk: Sporten som er kjent frå Harry Potter-universet har funne vegen inn i det verkelege livet. Det vert arrangert både VM og NM, sjølv om det ikkje er eit utal av aktive lag i Noreg. Er du student i Trondheim kan du oppsøke NTNUI, som er Noregs største idrettslag med over 12.000 medlemmer og 59 undergrupper, deriblant eit rumpeldunklag. Fem lag deltok i Noregsmeisterskapet i rumpeldunk 2014.

LES OGSÅ: Med sopelime mellom beina

Is eller vatn?
Er du glad i vinter og kulde, men tviler på at du er den nye Petter Northug eller Håvard Bøkko?

Curling

Curling er ei frititdsaktivitet du kan prøva deg på, og bonusen er ekstra raffe bukser. Foto: Kenny Louie, Flickr Cc-commons

Curling: Norges Curlingforbund (NCF) vart stifta alt i 1956. Forbundet fekk ei oppblomstring både i medlemstal og anlegg etter at Noreg tok OL-gull i 2002. I 2013 hadde forbundet rundt 4.500 medlemmer.

Ein oversikt over klubbane i Norges Curlingforbund finn du her.

Eller kanskje du har lyst å bevege deg grasiøst i vatn, utan å symje strake lengder.

Synkronsymjing: Synkronsymjing er ein liten idrett i Noreg, i 2013 var det under 100 aktive utøvarar. Alt i perioden 1911-1930 vart det arrangert NM i kunstsymjing, både for kvinner og menn. I 1966 vart greina organisert som Synkron Utvalet i Noregs Symjeforbund. I 1969 fekk me NM og beteikninga synkronsymjing.

Undervannsrugby: I Norges dykkerforbund finn ein den vesle undergreina undervassrugby. I årets serie deltek 8 herrelag, 3 damelag og 4 juniorlag, så det er absolutt plass til fleire

LES OGSÅ: Fritidsaktiviteter gjer folk gladare

Katniss

Filmheltinna Katniss Everdeen (Jennifer Lawrence) har gjort bogeskyting populært. Foto/copyright: Lionsgate

Overleving i det fri
Har du sett Hunger Games og drøymer om å verte like tøff som Katniss Everdeen? 

Bogeskyting: Norske bogeskyttarklubbar har opplevd ein Hunger Games-effekt etter at trilogien fann vegen frå bøker til film. 

Ei oversikt over alle klubbane i Norges Bogeskytterforbund finn du her.

Eller kanskje du heller drøymer om å rope “En garde”

Fekting: Norges Fekteforbund består i dag av 25 klubbar fordelt på 12 byar og 2 fektekretsar

Eller kanskje du lengtar ut i det fri?

Jakt og fiske:Norges Jeger og Fiskarforbund organiserer nesten 120.000 medlemmer i nærmare 600 lokallag. I fjor starta dei opp NJFF Ungfor å nå aldersgruppa mellom 13 og 18 år.

4H: 4H er ein ideell barne- og ungdomsorganisasjon, som rettar seg til aldersgruppa 10-18 år. Organisasjonen er livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig, men stammar frå nordamerikanske jordbruksungdomsklubbar som starta opp på byrjinga av 1900-talet. Rundt 1920 starta dei fyrste klubbane i Noreg, men fyrst i 1936 vart norske 4H skipa.

Her kan du finne ein 4H-klubb nær deg.

Speidaren: I Noreg har me Norges Speiderforbund som tel om lag 20.000 medlemmer, fordelt på kring 500 lokallag. I tillegg har den kristne organisasjonen KFUK-KFUM 11.000 medlemmer fordelt på 300 lokallag. Ver budd!

Kulturskulen: Dei første kulturskulane såg dagens ljos på 50-60-talet. Seinare har tilbodet for barn og unge vorte lovfesta, noko som betyr at alle kommunar skal ha eit tilbod anten åleine eller i samarbeid med andre kommunar. Kulturskulen er mest kjent for musikkundervisning, men i Vinje i Telemark har dei starta Motorskulen – eit mekkemekka for unge.

Her finner du oversikt kulturskular landet over.

Orps

Du kan og bli med i korps. Her frå filmen Orps. Foto: SF Norge AS

Ikkje sport, friluftsliv, eller musikk? Kanskje data er noko for deg?

Data: Kreativ Aktiv Norsk DataUngdom (KANDU) held til i Oslo, men står bak det årlege datatreffet The Gathering, som samlar ungdom frå heile landet. Organisasjonen jobbar for å fremja interessene til datainteressert ungdom landet over, og ungdommen samlar seg.

Spel og moro: Hyperion – Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser er ein paraplyorganisasjon for mykje fantastisk. Her kan du finne ei oversikt over medlemsorganisasjonar, som driv med alt frå brettspel til dataspel. Berre fantasien set grenser.

Så no er det berre å komma seg ut og møte folk, framfor å leve gjennom skjermen.