– Amerikansk fotball har plass til alle

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I Amerikansk fotball er det plass til alle, frå den små og raske, til den store og kraftige karen. Difor vert sporten meir og meir populær også her i Norge, seier Shira Jason frå Texas.

Som Texas-gut har Jason fått sporten inn så å seie med morsmjølka.

LES OGSÅ: Klart for eliteseriekamp på Myra

– Full fart framover
– Det som er så fint er at i amerikansk fotball er det plass til alle typar. Anten du er den sinte og aggressive guten, eller du er han som stikk når det vert heitt. Uansett kven du er kan ein finna ei passande rolle på bana, seier Jason.

I helga arrangerte han saman med Kvernbit Knights rookie-trening i Nordhordlandshallen, og her blei det harde taklingar og mykje action.

– Sporten er på full fart framover også her, og eg trur mykje av det som trekkjer folk til sporten er at det er noko nytt, og for mange litt tøft og spennande, seier Jason.

LES OGSÅ: Gators slo redusert Knights

Saka fortset under biletet.


Kvernbit-knights arrangerer rookie-treningar for å introdusere fleire for sporten.

Nybyrjar-trening
Amerikansk fotball vert spelt mellom to lag med 11 spelarar på ei rektangulær bane. Bana har ei målsone i kvar ende, og ein speler med ein avlang ball. Det laget som har fest poeng når tida er ute, vinn kampen. Laga skårar poeng ved å kontrollera ballen i motstandaren si målsone (touchdown), eller ved å sparka ballen mellom motstandaren sine målsteng og over tverrliggaren (field goal).

Rookie står for nybyrjar, og rookie- treningane er basert på nettopp det.

LES OGSÅ: Lokalt samarbeid for elitespel

Frå rookie til Knights-spelar
Joar Fjellsende frå Radøy prøvde amerikansk fotball for fyrste gong på ei av rookie-treningane, og no speler han fast på Kvernbit Knights. Han var og til stades i Nordhordlandshallen lørdag, på det han beskriv som ei hard men kjekk sekstimars økt. Han er glad han fekk augo opp for idretten.

– Eg var på jakt etter ein sport som var litt meir fysisk. I tillegg hadde eg sett ein del på amerikansk fotball på TV, og synest det verka som ein spennande sport, seier Fjellsende.

Han er forsvarsspelar, og tek imot ein del harde taklingar. Men det er uproblematisk for radværingen.

– Vi er såpass godt beskytta med utstyr, at det går veldig greitt, seier han.

Til dei som er nysgjerrige på sporten har han eit råd.

– Det er berre til å prøva seg. Ein kjem fort inn i miljøet.

Saka var først publisert i avisa Nordhordland.