Ektepar fanga av Hamlet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Akkurat no har eg ikkje plass til noko meir enn Hamlet. Det er kjenslemessig veldig tungt, men også ein strålande prosess å vere i, seier Marie Blokhus.

Hamlet er ei av drøymerollene hennar.

– Det er ei av rollene og stykka eg har vore tiltrekt av sidan eg var tenåring. Hamlet treffer meg så direkte, og går rett inn i mine eigne redsler. Det er ei rolle som påverkar meg veldig, seier Blokhus.

LES OGSÅ: Shakespeare og Kalvø på Det Norske Teatret 

Mykje tekst
32-åringen frå Tverlandet i Nordland er kjent for det norske folk gjennom tv-serien «Side ved side» på NRK. I sommar spelte ho i «Peer Gynt» ved Gålåvatnet, også det saman med ektemannen. Og det var i finveret der ho brukte dagane til å pugge Shakespeares tekst.

– Det tar 1 time og 45 minutt berre å lese gjennom replikkane mine så det er mykje tekst, seier ho.

Når NTB møter henne står ho djupt konsentrert med hendene godt planta i sufflørbordet på Scene 2 på Det Norske Teatret. Dagens tekst vert terpa på.

– Pugginga av teksten er berre ein jobb som må gjerast. Så må du gjere det til ditt og forstå kvar einaste setning av ei komplisert tankerekkje kledd i ei ganske høyverdig form. Så skal det gjerast personleg og tilgjengeleg for publikum. Det er ein stor jobb, seier Blokhus.

Ho har den beste diskusjonspartnaren i verda heime. Frank Kjosås spelte Hamlet på Hålogaland Teater for to år sidan og veit kva rolla krev.

– Det er ei emosjonell og intellektuell treningsøkt. Når du er ferdig for dagen, er du sliten. Det er ei rolle som pregar kvardagen. Du kjem ikkje unna, seier han.

LES OGSÅ: Frå Jesus til Hitler 


Marie Blokhus stiller det store spørsmålet i «Hamlet», der ho spelar tittelrolla. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix / NPK

Lang tradisjon
At han no skal spele ei kvinnerolle, og ho den danske prinsen, fekk mykje merksemd då det vart kjent i vår. No er det rett nok ikkje uvanleg at ei kvinne spelar Hamlet. Det har skjedd cirka 200 gonger før i historia. Første gong allereie i 1777. Men her spelar i tillegg ektemannen kjærasten Ofelia.

Regissør Peer Perez Øian forstår at rollebesetningen kan pirre, men er heilt usamd med dei som meiner at han har snudd kjønnsrollene på hovudet.

– Eg føler ikkje at eg har snudd kjønnsrollene på hovudet. Her er det snakk om to gode skodespelarar som kvar for seg har tilgang til eit breitt emosjonelt register. Dei har null problem med å leve seg inn i såkalla kvinnelege og mannlege problemstillingar, seier Øian.

Han meiner at rollebesetninga hans styrkjer karakterane.

– Eigentleg har eg berre følgt opp ein lang tradisjon i Shakespeares stykke der kjønnsroller er i spel, og det å spele eit anna kjønn er ein taktikk i eit maktspel – eit røykteppe for å skjule kven ein verkeleg er.

LES OGSÅ: Storsatsing på «Vaffelhjarte» som teater 

Teatralsk univers
Øian, som tidlegare i år vart tilsett som husregissør på Det Norske Teatret, skildrar «Hamlet» som eit ekstremt teatralsk univers der alle føresteller seg både for kvarandre og for seg sjølv. Slik sett har det klare parallellar til dagens moderne samfunn.

– Det er ikkje vanskeleg å kjenne seg igjen. Hamlet gir ein klar diagnose av dagens samfunn, seier Øian om det mest kjente hemndramaet i verda.

– «Hamlet» er både universelt og tidlaust, meiner Frank Kjosås og får bekreftande nikk frå Blokhus.

Peer Perez Øian meiner Blokhus og Kjosås er to av Noregs beste skodespelarar, og karakteriserer dei som modige, lydhøyre, audmjuke og kompromisslause. Dei tre kjenner kvarandre godt, og det er ein stor fordel, meiner regissøren:

– Vi kan gå meir direkte på i prøvesituasjonen, kan utfordre kvarandre meir og ta nokre snarvegar inn til kjernen i stykket. Dessutan er det lettare for meg å ta av silkehanskane og daske litt. Det er veldig viktig i ein slik prosess.

Det er eit svært sterkt skodespelarteam Øian har fått med seg, også Mads Ousdal, Ane Dahl Torp og Vidar Magnussen står på rollelista. Premieren er fredag 10. oktober.

– Eg er kjempenervøs, men det er eg alltid, seier Marie Blokhus, tar på seg den lilla smokingjakka og forsvinn inn til dei siste prøvene. (©NPK)


Regissør Peer Perez Øian leikar med kjønnsroller når Marie Blokhus speler Hamlet og ektemannen Frank Kjosås speler Ofelia. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix /NPK

Faktaboks

 Fakta om «Hamlet»

• Drama av William Shakespeare (1564-1616).

• Den mest berømte tragedien i verdsdramatikken, skriven på byrjinga av 1600-talet.

• Historia er lagt til det kongelege danske slott Kronborg ved Helsingør i Danmark. Fortel historia om prins Hamlet som vil hemne seg på onkelen sin som har drepe Hamlets far, kongen av Danmark, for deretter å erobre trona og gifte seg med Hamlets mor.

• Det Norske Teatret har 10. oktober premiere på Scene 2 på ein versjon omsett av Edvard Hoem, i regi av Peer Perez Øian. Marie Blokhus spelar Hamlet.

• «Hamlet» vert denne hausten også spelt på Rogaland Teater i ei gjendikting av André Bjerke, regi Kjersti Horn. Torbjørn Eriksen har tittelrolla som Hamlet i Horns oppsetjing. (©NPK)