Frå Jesus til Hitler

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tykte eg var overraskande lik. Men no har eg kome forbi det stadiet der eg synest det er ekkelt å få på meg barten. Det vanskelegaste er eigentleg å spele ei rolle utan humor, det å synast at ingenting er morosamt, seier Kjosås til NTB.

Det er berre nokre dagar att til premieren på George Tabori-stykket «Mein Kampf» på Det Norske Teatret. Publikum møter ein ung Hitler som kjem til Wien for å slå seg opp som kunstnar. På ungdomsherberget han tek inn på møter han blant anna ein jødisk bokhandlar, spelt av Bjørn Skagestad, og det oppstår eit nært vennskap mellom dei to.

LES OGSÅ: Fleire på opera, færre på teater

– Må ha humor for å overleve
Frank Kjosås (32) slo gjennom for det norske folk i rolla som Fred i TV-serien «Halvbroren». Men på teatret har mannen frå Øystese i Hardanger spelt mange store roller i årevis, no sist som Jesus i storsatsinga «Bibelen» i vår. Spranget er stort frå Jesus til Hitler i det teatret skildrar som «ein Chaplin-inspirert komedie».

– Men dei er veldig ekstreme menneske begge to, seier Kjosås.

Medan «Bibelen» vart spelt med stort ensemble på hovudscena på Det Norske Teatret, skal «Mein Kamp» spelast på den mykje mindre Scene 2.

– Sjangeren er også annleis. Dette er ein komedie. Hitler og nazismen og alt som skjedde er sjølvsagt ingen komedie, men George Tabori forskar i korleis ein alltid må ha humor for å overleve, seier Kjosås.

«Mein Kampf» er ikkje eit dokumentarisk stykke, men Hitler budde verkeleg saman med unge jødar på eit herberge for menn i Wien.

– Stykket går frå Hitler er ung med ein stor bart til dei klipper barten, legg sveisen og han tek rådet frå den jødiske vennen og går inn i politikken. Det er der det går skeis. Og då snur plutseleg heile stykket, seier Kjosås.

I jobbinga med rolla har han sett litt på filmar med Hitler.

– Men det er ingen vits i å prøve å gå som han eller stå som han. Vi skapar rolla vår. Med alle dei assosiasjonane folk har om han, trur eg alt gir seg sjøl. Eg trur ikkje det blir slik at «Frank får terningkast to fordi han ikkje går som Hitler».

LES OGSÅ: Svært godt år for Det Norske Teatret

Saka fortset under biletet.


Frank Kjosås fekk Gullruten for Beste mannlege skodespelar for si rolle i «Halvbroren». Foto: Marit Hommedal / NTB scanpixNederst i skjemaet

 

Store uttrykk
George Tabori (1914-2007), som har skrive stykket, var ein ungarsk forfattar og regissør av jødisk familie. Han mista størsteparten av familien sin i Auschwitz, og i verka sine avslører han at haldningane frå nazitida framleis er levande.

– Dette er veldig effektfullt teater. Nokre av scenane med komisk forteikn, blir også veldig vonde. Tabori har gjort det heile på ein snedig måte. Historia kryp inn på deg med ein gong, seier Kjosås.

Stykket blir sett i scene av den tyske regissøren Philip Tiedemann, som også stod bak «Det gode menneske frå Sezuan», som Det Norske Teatret viste med stor suksess i fjor, og som gav Ane Dahl Torp ein Hedda-pris for beste hovudrolle.

Frank Kjosås er full av godord om den tyske regissøren, og skildrar han som fin, følsam og lydhøyr, ein regissør som ikkje legg føringar frå starten, men utviklar ting undervegs.

– Han seier heile tida at dette er teater, ikkje film. Han vil ha dei store uttrykka, noko dei fleste vil seie er dårleg spel. Men dersom du spelar stort og det er sant for deg, så funkar det. Det er kjempegøy, seier Kjosås.

Alle skodespelarane er sminka kvite i ansiktet.

– I lyset forsvinn det nesten, det blir ein lerretsgrå, veldig fin effekt, litt stumfilmaktig, seier Frank Kjosås.