Vaagestykket

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om ni timar opnar Eirik Strøm Lillebø dørene til det han kallar sitt tredje barn. Dei høge herrar kjem på opning kvelden før kvelden. Fredag denne veka opna dørene for ålmenta.

Torsdag morgon er lokalet fullt av handverkarar og under trappa står ei eske full av horn.

Plan A på rekkverket i andreetasje skar seg, så restaurantpappaen foreslår å byggja ein skigard istaden.

I går raste ein vegg laga av tverrsnitt av trestammar og ein mørtelblanding med heste- og kuhår ut.

LES OGSÅ: – Barnemeny burde ikkje vore lov

Søndagsmiddag heile veka
Vaaghals er den fyrste restauranten kokken frå Stord er med på å starta sjølv. Med seg på eigarsida har han gjengen kjent frå tv-suksessen «Gutta på tur»og Jørn Lie – kollega og medeigar frå Gamle Raadhus Restaurant.

– Me vil tilbake til den gamle søndagsmiddagen – som jo er eit paradoks sidan me har stengt på søndagar. Her skal kjøtet og garnityren stå på bordet, slik at ein må dele, noko som er litt unorsk. Målet er at folk skal føla seg som heime, forklarar Strøm Lillebø, som vonar at folk i det stive Barcode-området kan lausne litt på slipset.

– Me har laga den restauranten me kunne tenkt oss å bruka sjølv. Det er moderne nordisk mat i brasserie-stil. Likevel skal det vera rause porsjonar, legg Irene Selle til.

38-åringen frå Bømlo har fått rolla som restaurantsjef. Under seg har ho tolv servitørar, av dei to svenskar og ein italienar. Noregsrekord i norske servitørar, spøkar Strøm Lillebø.

LES OGSÅ: Fekk prøvesmake på matfaget

Østers frå Bømlo
Eit ope kjøkken der ein kan sjå matlaginga er det første som møter gjestene når dei kjem inn dørene. I alt er det sitjeplass til 230 stykk.

Strøm Lillebø vil løfta fram dei gode norske råvarene og meiner norske bønder er i ferd med å motbevisa påstandane om at dei berre sit på gjerdet og ventar på pengar frå staten. Spesielt på ostefronten har det skjedd mykje bra i Noreg sidan han byrja i bransjen i -94. Den gong var det berre Norvegia og Jarsberg, fortel matentusiasten. Etter at det i Noreg vart lov å produsera upasteurisert ost – som Strøm Lillebø kallar ekte ost –  har stoda vorte betre.

Foreløpig er det ingen råvarer frå heimregionen Sunnhordland på menyen, men det vert truleg østers frå Bømlo, kan kokken avsløra.

– Eg har òg tenkt på ost frå Tysnes. Så har me lyst på villsau. Det er ei direkte oppmoding til lokale produsentar, tipsar restauranteigaren.

– Men trøffel finn ein ikkje på Stord, så den hentar me frå Italia.

LES OGSÅ: Jobbar for saktare mat

Meny Restaurant Vaaghals
Eirik Strøm Lillebø har fått trumfa igjennom nynorsk introduksjon på menyen, skriven av Arne Hjeltnes og signert resten av gutta. 

Arne og Arne
Ideen til restauranten fekk han og Jørn Lie på ei eigedomsmesse i Cannes i Frankrike, der dei stod for cateringa. Der var òg Arne Hjeltnes og etter nokre vinflasker kom ideen, som vart til verkelegheit då Oslo S utvikling tilbaud lokale i Bjørvika. Slik vart det til at stordabuen eig saman med Arne og Arne.  

Å ha «Gutta på tur»sitt AS, Norsk rype og tytinglag, i ryggen er slett ikkje er ein uting i marknadsføringa. Særleg kjendiskokk Arne Brimi har gode kontaktar i bransjen.

Spesielt nøgd er 42-åringen over at han saman med Hjeltnes har klart å trumfa igjennom at introduksjonen til menyen står på nynorsk.

– Eg fekk gåsehud av å lese forordet til Arne. Han har slik pondus at det nyttar ikkje at han skriv på bokmål, seier ein tydeleg stolt målbrukar, som på grunn av konservative haldningar til språk i hovudstaden måtte finne seg i å ha sjølve menyen på bokmål.

LES OGSÅ: Uroa for kokkefaget

Den som intet vaager
Restaurantnamnet, som stordabuen er ekstra nøgd med, fann han etter litt googling. Tru det eller ei, så er namnet faktisk eit lite knippe kulturhistorie frå området. Vaaghals er nemleg namnet på ein rennesansebåt konstruert etter arkeologiske funn i Bjørvika.

– Eg føler jo at me er litt våghalsar. Eg har satsa både hus og heim. Når eg ser på huset mitt tenkjer eg at dei ti siste centimetrane av pipa eig eg, men me har steintru på dette prosjektet, slår restaurantgründaren fast.

Restaurantgründar Eirik Strøm Lillebø, Vaaghals

Restaurantgründar Eirik Strøm Lillebø, Vaaghals Med ni timar att til opninga er det framleis mykje å gjere i lokala til restauranten Vaaghals, men mat og vin er på plass, så Eirik Strøm Lillebø stressar ikkje.