Større offentleg sektor med Høgre

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommentaren vart først publisert hos Dag og Tid.

Lat oss byrja med det openberre: Om høgre–venstre-aksen skal gje meining, kuttar parti til høgre i offentlege utgifter medan dei til venstre aukar dei. Men slik er det ikkje i Noreg. Det er på basis av statsbudsjett særs vanskeleg å seia kva parti som til kvar ei tid styrer her til lands.

Kva skjer om ein reduserer skattane litt samstundes som ein aukar utgiftene med meir enn den samla auken i verdiskapinga (BNP)? Då aukar staten i storleik, og privat sektor vert relativt mindre. Noko slikt vil sjølvsagt ikkje ein Frp-formann vedgå at skjer? Jau då, det er berre å lesa nasjonalbudsjettet, det.

Tre land har dei seinaste åra konkurrert om å ha den største offentlege sektoren i OECD: Noreg, Danmark og Frankrike. I desse landa har staten kontrollert 58 prosent av innan­landsøkonomien.
No står Noreg åleine att. Om vi tek med alle pengane som kommunane og fylkeskommunane nyttar attåt staten, er vi her neste år, fortel Finansdepartementet: «De samlede offentlige utgiftene i Norge anslås å øke til knapt 1500 mrd. kroner i 2015, tilsvarande vel 59 pst. av BNP Fastlands-Norge.»

LES OGSÅ: – Kan forandra det politiske landskapet

Kraftig auka oljebruk
Det er ikkje noko anna å venta. Den reelle oljepengebruken går kraftig opp. I statsbudsjettet for 2014 var den budsjetterte oljepengebruken, etter salderinga av underskotet, på 137,5 milliardar. Neste år planlegg regjeringa å nytta 174,2 milliardar, ein auke på 26,7 prosent i oljepengebruken. Dei samla utgiftene i statsbudsjettet skal opp med 6,9 prosent på fastlandet.

Her vil politikarane i Finansdepartementet protestera og seia at ein ikkje kan tala om reelle pengar i eit gjeve år, ein må sjå på «strukturelt oljekorrigert budsjettunderskot». Ja, det kan ein òg gjera. Den strukturelle pengebruken er den vi kjem fram til om vi ser statsbudsjettet over tid. No for tida går Noreg berre sånn halvbra, då er det meininga at staten skal bruka litt meir oljepengar.

Når det er slik, vil ein ansvarleg finansminister helst tala om det «strukturelle underskotet», altso det underskotet vi hadde hatt før oljepengebruken i eit normalt gjennomsnittsår. Den er på 163,7 milliardar, som er opp frå 142,1, som var planlagt i fjor på denne tida. Når Noreg derimot går godt, og staten får inn mykje i skattepengar frå fastlandet, vert den reelle oljepengebruken lægre enn i eit gjennomsnittsår.

LES OGSÅ: Rapport frå eit absurd miljølandskap

Mykje pengar skal ut
I alle høve: Jensen brukar massivt med oljepengar, og utgiftsveksten held fram frå eit i internasjonal samanheng svært høgt nivå. Å bruka meir pengar får konsekvensar, det er ikkje til å koma utanom. Det fører mellom anna til at vi får eit høgre kostnadsnivå enn omverda, og at vi treng fleire til å bruka pengane som regjeringa vil ha Stortinget til å løyva. So skriv då Jensens Finansdepartement dette: «På kort sikt innebærer økt bruk av oljeinntekter at arbeidsinnvandringen må øke og/eller arbeidskraft flyttes fra konkurranseutsatte til skjermede virksomheter.»

Her kan vi kanskje lakonisk observera at Frps mål i alle år har vore mindre innvandring, medan Høgre alltid har ynskt å gje konkurranseutsett sektor betre vilkår.
No vil kanskje mange seia at privat sektor får betre vilkår gjennom skattelette. Ja, det er sjølvsagt hyggjeleg å få skattelette, men skal skatteletten vera balansert, må han verta motsvara av tilsvarande kutt i utgiftene, skal den langsiktige balansen gå i favør av privat sektor. Om du får ein lønsauke på 2 prosent og utgiftene dine går opp med 8 prosent, so aukar ikkje inntektene dine relativt til utgiftene.

Dette er også regjeringa heilt open om i nasjonalbudsjettet. Ho har «et samlet handlingsrom til neste år på om lag 35 mrd. kroner. Bruken av handlingsrommet kan deles inn i fem om lag like store deler. Nye lettelser i skatter og avgifter legger beslag på én del, mens to deler dekker økte utgifter til folketrygden, kommuner og helseforetak som følge av befolkningsutviklingen. De siste to delene, sammen med enkelte innsparinger, bruker regjeringen på å styrke innsatsen på prioriterte områder i budsjettet.»

LES OGSÅ: – Eit lotteri med unge si helse

Forklåringa
Her har vi forklåringa på kvifor offentleg sektor i Noreg vert større. Fire femtedelar av dei nye pengane går til offentleg sektor, som dimed aukar meir enn økonomien elles.

Kven er det so som skal få skatteletten? Jau, i hovudsak pensjonistar og bilistar. 14 prosent av dei som betaler skatt i Noreg, inkludert pensjonistane, betaler formuesskatt, men ser vi isolert på pensjonistane, betaler heile 32 prosent av pensjonistane formuesskatt. Bilistane på si side får nedgang i ulike avgifter.

Dette er sjølvsagt hyggjelege pengar å få, men det er nok ikkje slik økonomar flest ville ha prioritert. Kva hender når ein rik pensjonist får skattelette? Lite anna enn at vedkomande får meir pengar. Kva hender om du aukar formuesskatten til ein rik pensjonist som kanskje eig ei stor verksemd eller eit stort hus? Då kan pensjonisten verta tvinga til å selja verksemda til yngre og dynamiske eigarar, eller huset til ein stor familie som kan utnytta plassen.

Kva hender derimot om ein lønstaktar får redusert toppskatt eller auka botnfrådrag? Vel, då vil det løna seg å arbeida meir både for den med låg og den med høg inntekt. Di meir desse arbeider, di høgre vert den relative skatteletten, og i ein del tilfelle kan dette faktisk føra til høgre samla skatteinntekter for staten. Slikt vert kalla dynamisk skattepolitikk og låg attom Gros svært vellukka skattereform av 1992.

Men som det står i nasjonalbudsjettet: «Alderspensjonister kommer i gjennomsnitt bedre ut enn lønnstakere. Samlet får pensjonistene som gruppe om lag 1,8 mrd. kroner i lavere skatter.»

LES OGSÅ: Dette er studentane sitt statsbudsjett

Tut og køyr
Å skattleggje bilistar har på si side svært få negative effektar. Dei fleste må ha bil og kjøper ein eller to i alle høve. Billegare bilar gjer ikkje at folk arbeider meir, det gjer berre at staten får inn mindre pengar, nærare sagt ein reell nedgang etter inflasjon på knapt 9 prosent. So kan ein alltids vona at folk køyrer meir og dimed betaler meir bensinavgift samla sett, men det er neppe ein god klimapolitikk.

So kvifor gjer regjeringa dette? Det seier ikkje nasjonalbudsjettet mykje om. Men formues­skatten er særnorsk, og korkje utlendingar eller staten betaler formuesskatt. Det gjer at privat sektor har ei konkurranseulempe andsynes omverda. Men so lenge skattesystema er ulike frå land til land, vil det alltid vera nokon som vert råka. Det er likevel slik at kapital vert lægre og lægre skattlagd internasjonalt; då må Noreg tilpassa seg dette.
LES OGSÅ: Slik påverkar Statsbudsjettet skulane

Vinnaren
Den store vinnaren på budsjettet er det ikkje vanskeleg å peika ut, det er som alltid folketrygda. Eldrebylgja som omsorgsfenomen har enno ikkje byrja heilt, men det vart stadig fleire pensjonistar. Utgiftene går opp frå 384 milliardar til 419 milliardar, ein auke på 9 prosent. Ein annan vinnar er helseføretaka, som får ein auke på heile 11 prosent. Det meste av veksten kjem grunna nye sjukehus som må byggjast på grunn av den høge innvandringa. Dette er utgifter staten ikkje kjem utanom.

Men éi tydeleg prioritering har budsjettet, og det er samferdsle, eit populært satsings­område for nesten alle parti. Det er rett nok ikkje heilt lett å sjå at Frp har samferdsleministeren. Neste år vil staten nytta 26,5 milliardar på veg og 21 milliardar på jarnbane. Det er ein auke på høvesvis 12,4 prosent og 8,7 prosent. Fordelingsnøkkelen er kanskje litt uventa frå vegpartiet Frp. Personbilar i Noreg står for 95 prosent av alle personkilometrane i Noreg, jarnbanen for 1 prosent.

LES OGSÅ: Satsar meir på asfalt enn skinner

Taparane
Finst det so verkeleg taparar i dette budsjettet? Ja, det gjer det. Ingen område fekk under den raudgrøne regjeringa reell tilbakegang. Ikkje so for den blå-blå regjeringa. Finansdepartementet reknar med ein kostnadsauke på 2,9 prosent i offentleg sektor neste år. Skal det vera realvekst i budsjetta, må dei ulike departementa få meir enn denne summen. Stort sett er det berre dei velferdsproduserande departementa saman med samferdsle som får meir enn 3 prosent.

Størst er kuttet for landbruk; dei får ein nominell reduksjon på 1 prosent som på si side tyder eit reelt kutt på knapt 4 prosent. Rett nok får Miljøverndepartementet tilsynelatande eit kutt som er større, men det er ikkje reelt sidan dei i fjor og i år har ein del eingongsutbetalingar til folk som har fått verna eigedomen sin. Stort sett er det slik at dei mindre departementa får reelle kutt: forsvar, fiskeri og næring.

Men den kanskje største endringa er langsiktig. Regjeringa vil setja ned to utval, eitt for å sjå på handlingsregelen eit anna som skal planleggja for langtidsbudsjettering. Grunngjevinga for det fyrste er at Oljefondet nok veks so raskt at å nytta alle pengane ein kan etter handlingsregelen, vil føra for mykje pengar inn i økonomien. Grunngjevinga for det andre er at ein del område kanskje kan få faste budsjett for å betra planleggjinga.

LES OGSÅ: – Åtak på nynorske barn og unge

Uklårt mandat
Det er ikkje heilt lett å få grep om kvifor regjeringa vil dette. Dei talar rett nok mykje om at dei vil nytta oljepengane på ein vekstfremjande måte. Men korleis ein kan differensiera mellom olje­pengar og andre peng­ar når dei fyrst er komne inn i budsjettet, er litt vanskeleg å forstå. Berre utgiftsauken til folketrygda framover er høgre enn auken i oljepengebruk. Ein kan like gjerne seia at oljepengane går til folketrygda som å seia at dei går til samferdsle eller forsking.

Men ja, Siv Jensen har sett sitt stempel på dette budsjettet. Finans har alltid vore mot langtidsbudsjett, øyremerkjing av føremål og differensiering mellom oljepengar og andre pengar. No må det same departementet laga utval for nett det.

So får vi sjå kor mykje som vert endra i Stortinget. KrF har varsla kamp mot omleggjinga av uføresystemet, men det er alt vedteke av den førre regjeringa. Venstre på si side vil ha meir til miljø og høgre avgifter på CO2, men då ryk avgiftslettane for bilistane.
Det einaste som er sikkert, er at dette budsjettet har ein so stor utgiftsauke at ein kan flytta på mykje i Stortinget. So har regjeringa òg budsjettert med ein oljepris på 101 dollar per fat, og det i ei tid der prisen er i fritt fall. Men nett ein høg oljepris vil alle parti på Stortinget ha for å kunna dela ut meir, so den biten vert det ingen diskusjon om.

LES OGSÅ: – Dette bør få konsekvensar for vårt samarbeid med regjeringa