Legar skriv ut meir antibiotika seint på dagen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Har du lyst på antibiotika, gå til legen din seint på dagen, skriv Science Daily. Ei ny undersøking gjort av forskarar ved Brigham and Women's Hospital (BWH) i Boston syner at legar som har jobba lengre skift lettare skriv ut medisin som ikkje er nødvendig.

Problematisk
Trenden kan vera problematisk – spesielt med tanke på at antibiotikaresistens er sett på som eit stadig aukande problem.

– Eg fryktar ein katastrofe, sa overlege Dag Berlid ved Oslo Universitetssjukehus til Dag og Tid i februar då han snakka om at stadig fleire bakteriar blir resistente mot antibiotika.

LES OGSÅ: Forsvaret mot bakteriane raknar

– Et litt snacks
Undersøkinga tok føre seg data frå 23 ulike legeklinikkar over 17 månader, og sjølv etter å ha tatt hensyn til både legane, pasienten og sjukdommen, synte det seg at det var 5 prosent større sjans for å få utskrive antibiotika seint på dagen i forhold til tidlegare same dag.

– Ei løysing på problemet kan vera andre timeplanar, kortare økter, fleire pausar eller til og med snacks, sa ein av forskarane som står bak undersøkinga, i følgje Science Daily.

LES OGSÅ: Kan biene løysa antibiotika-krisa?