EU: Dei norske elbilane er for stille

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske elbilar er for stille

Noreg er gjennom EØS-avtalen pliktig til å implementere den nye EU-regelen, og det kjem, ifølgje Vegdirektoratet, til å skje om to til fem månader, fortel NRK.

I april vedtok EU at elbilar og andre stillegåande køyretøy må ha eit lydvarslingssystem (avas). Lydsystemet skal lage lyd frå køyretøyet blir starta opp til det kjem opp i ein fart på 20 kilometer i timen, og dessutan når det rygger. Lyden skal hindre ulykker og gjere dei mjuke trafikantane meir merksame på elbilane og hybridbilane.

LES OGSÅ: Kjem aldri til å køyra bensinbil igjen

Godt nytt for blinde
Norges Blindeforbund synest dette er godt nytt.

– Det er svært mange av oss blinde og svaksynte som no pustar letta ut over at det i framtida skal vere mogleg å røre seg trygt i trafikken, seier assisterande generalsekretær Arnt Holte.

LES OGSÅ: Elbilar er pengesluk for ferjeselskapa

Vil heller at sjåføren får varsel
Norsk foreining mot støy er derimot ikkje like nøgd.

– Lyd på stillegåande køyretøy er ei dårleg og forhasta løysing på problemet. Vi vil heller at elbilsjåføren får varsel om mjuke trafikantar i nærleiken og ikkje omvendt. Slike sensorsystem er under utvikling, seier Ulf Winther i foreininga.

Mest sannsynleg vil varslingslyd for elbilar bli ein realitet frå 2019. Kva slags lyd det er snakk om, er uvisst. (©NPK)

LES OGSÅ: Neste år køyrer Tesla-bilane sjølv