Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt konsesjon til bygging av dei tre vindkraftverka Guleslettene, Hennøy og Vågsvåg i Sogn og Fjordane.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Vindkraftverka som ligg i kommunane Flora, Bremanger og Vågsøy, vil samla gje ein årleg kraftproduksjon på om lag 620 gigawattimar, noko som svarar til straumbruken til rundt 30.000 husstandar, opplyser NVE.

Direktoratet gir samtidig løyve til ein ny 40 kilometer lang kraftleidning frå Hennøy og Magnhildskaret via Svelgen til Ålfoten, etablering av ein ny transformatorstasjon på Hennøy og ein ny koplingsstasjon på Manghildskaret.

LES OGSÅ: – Vanskeleg å få vindkraft til å lønna seg

Klaga på bygginga
NVE meiner dei nye kraftleidningane frå Hennøy og Magnhildskaret ikkje vil ha særlege innverknader på miljøet. Om lag 30 av dei 40 kilometerane med leidning skal erstatte eksisterande leidning mellom Magnhildskaret og Ålfoten i tilnærma same trasé.

Sjølv om kommunane er positive til vindkraftverka, har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane klaga på bygginga av Vågsvåg vindkraftverk. Det er Olje- og energidepartementet som skal vurdere klagen. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil bli best på fornybar forsking

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55
ANNONSE