Barnehagar: Litt meir lureri enn realitet
Regjeringa vil auka maksprisen i barnehagane for å redusera prisen for dei som har dårlegast råd. – Dette er litt meir lureri enn realitet, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
- Litt meir lureri enn realitet
Ein konsekvens av prioriteringa vil verta at prisane i barnehagane vil auke for dei aller fleste, slik at dei hushalda som har inntekter under 400.000 kroner, får lågare pris.
– Målsetjinga om å gjera barnehagane billigare for dei som har dårleg råd, er ein god tanke, men då må dei meina det òg, og ikkje berre omprioritera, som regjeringa gjer no, seier Vedum i ein kommentar til statsbudsjettet.
LES OGSÅ: Regjeringa gir meir til kommunar i vekst
Støttar Vedum
Arbeiderpartiets Arild Grande støttar Vedum i kritikken.
– Me meiner det er viktig å redusera prisen i barnehagane for alle, for me veit det er noko folk er opptekne av. Det er dårleg politikk at det er småbarnsforeldra som skal betala regjeringa sine løfte, seier Grande. (©NPK)