Truga kvalross på opptur

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rundt 1980 – tretti år etter at arten vart freda – var det berre 100 kvalrossar på Svalbard. I 2012 var talet auka til 3.886.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda

Gledeleg kvalrossauke
Det går fram av kvalrossteljinga som den statlege Miljøovervaking Svalbard og Jan Mayen (Mosj) står bak, og som nyleg vart presentert i det internasjonale tidsskriftet til Norsk Polarinstitutt, Polar Research.

– Dette er gledelege tal som viser at den langsiktige vernepolitikken Noreg har ført på Svalbard, har vore ein suksess, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H).

Bestandstala i den siste flyteljinga frå 2012 viser ein kraftig auke frå teljinga i 2006, da forskarane talde 2.629 kvalrossar på Svalbard. Bestanden har vakse med over tusen individ. Dessutan har kvalrossane tatt i bruk gamle liggjeplassar der det ikkje har vore sett dyr på mange tiår.

Faren er likevel ikkje over for raudlistearten.

LES OGSÅ: Blåkvalen har vendt tilbake

Verdas dyr truga
Denne veka kom FN med ein rapport som synte at kvart fjerde pattedyr, kvar tiande fugl og fire av ti amfibiar er raudlista og står i fare for å verte utrydda.

– Dette er ein rapport som bør få heile verda til å reagere. Dette handlar om livet på jorda. Me må gjere meir for å stoppe dette og me må gjere det fort, sa direktør for FNs miljøprogram, Achim Steiner, ifølgje VG då han opna konferansen om biodiversitet denne veka. Møtet finn stad i den sørkoreanske byen Pyeongchang.

For fire år sidan sette FN seg mål om å stanse utryddinga av verdas dyreartar innan 2020. Av dei 20 konkrete måla som vart sett, er berre fem i rute for å oppfylle målsettinga.

LES OGSÅ:Et insekt, redd planeten

Skremmande tal
Førre veke la WWF fram «Living Planet Report 2014», som konkluderte med at talet på dyr i verda er halvert dei siste 40 åra. Spesielt alvorleg er stoda i ferskvatn, der populasjonane er minka med 76 prosent, meldte NTB.

I perioden 1970 til 2010 har halvparten av jordas pattedyr, fuglar, reptilar og amfibiar forsvunne, medan befolkningstalet i verda nesten har dobla seg.

Rapporten melder at menneskjer forbruker jordas ressursar i eit tempo som vil gjere det naudsynt med halvannan jordklode for å kunne dekkje behovet. 

Denne ressursbruken går utover verdas dyr som tapar sin tilgang til livsnødvendige habitater og næring. 

LES OGSÅ: – Verda må tilpassa seg ei uviss klimaframtid

– Alvorleg trussel
Som fleire andre artar i Arktis er kvalrossen truga av klimaendringar og minkande isutbreiing.

– Klimaendringane er ein alvorleg trussel mot både kvalrossen og andre artar som er avhengige av sjøisen i Arktis. Viss vi ikkje lykkast med å redusere utsleppa av klimagassar, er det stor fare for at den positive utviklinga vi no ser, snur, seier klima- og miljøminister Sundtoft.