På initiativ frå SV har dei tidlegare raudgrøne regjeringspartnarane samla seg om ein invitasjon til eit medieforlik til alle partia på Stortinget, to dagar før statsbudsjettet skal leggjast fram.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Eit fleirtal på Stortinget vil ha nullmoms både på papir og på digitale medium. Både Ap, SV, Sp, KrF og Frp vil ha felles nullmoms. Venstre er open for å vurdera det.

I regjeringserklæringa er derimot Frp samd med Høgre om at det skal innførast ein felles lågmoms, og kulturministeren har varsla eit lågmomsforslag i statsbudsjettet som vert lagt fram 8. oktober.

LES OGSÅ: Får nynorskavisene svi?

På kanten av stupet
– Mange aviser lever på kanten av stupet, bokstaveleg talt. Noreg har ein tradisjon for breie forlik når noko er særleg viktig. No er me der, seier SV-nestleiar Bård Vegar Solhjell til Aftenposten.

I sin politiske plattform har Solberg-regjeringa lova å «likestilla papiraviser og e-aviser» og etablera ein felles lågmoms. I dag er det momsfritak på papir, medan nettaviser har 25 prosent.

LES OGSÅ: Ber Høgre stoppe pressekutt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55
ANNONSE