Avsluttar sesongen på heimebane

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Saka vart først publisert i Møre

Laurdag 4. oktober går det årlege utforrittet Snauderåsa Downhill av stabelen i Volda, og dette er ei løype Robin kjenner betre enn nokon andre.

– Det er her eg legg ned dei aller fleste treningstimane, fortel den uredde 17-åringen. – Eg synest løypa er både morosam og krevjande å sykle, sjølv om ho nok ikkje heilt held standarden til løypene eg må takle i Norgescupen.

Robin har klart dei fleste måla sine for sesongen, og høgdepunktet var sjølvsagt å få sykle med flagget på brystet, i VM på Hafjell i byrjinga av september.

– Det er noko eg kjem til å hugse heile livet, sjølv om det vart litt knall og fall på trening før finalen, seier Robin. – Målet mitt var å få lære mest mogleg av opplevinga, og det var ei dugeleg vitamininnsprøyting før inngangen til den tøffe vintertreninga.

Sjå video frå løypa her:

LES OGSÅ: Droppa fotball til fordell for motorcross

Vil ta tilbake løyperekorden

Men først skal han altså avslutte sesongen med å prøve å ta tilbake løyperekorden i hans eiga løype. Då må han sykle fortare enn 2 minutt og 21 sekund, og han hintar til at det har gått fort på trening.

– Eg har gode sjansar på den tida, men det skal klaffe godt. Eg har køyrd fortare på trening, men det er ikkje store rom for feil før tida tikkar over 2:21, smilar førehandsfavoritten. I videoen lenger oppe i saka her køyrer Robin 15 sekund raskare enn løyperekorden frå 2011. 

LES OGSÅ: Gjev motorundervisning i kulturskulen

Live-bilete på storskjerm
Det er Bratt Sykkelklubb som arrangerer rittet, og det er ikkje få dugnadstimar dei ivrigaste eldsjelene har lagt ned for å få Snauderåsa DH 2014 til å bli det aller beste rittet hittil. Studentar frå Høgskulen i Volda vil filme rittet, som tilskodarane i målområdet kan sjå på ein om lag åtte kvadratmeter stor videoskjerm. Det vert også musikk, speakerteneste og sjølvsagt grillkiosk slik det har vorte tradisjon for i dette arrangementet. Fleire lokale bedrifter har hjelpt til med premiar og utstyr, og primus motor for arrangementet, Jørn Arve Kvålseth, trur og håpar det blir ein kjempesuksess.

– Det kjem sjølvsagt litt an på vêret, seier Kvålseth. – Slik det ser ut no, skal det ikkje kome regn før om kvelden på laurdag, så vi håper veldig at dei prognosane held.

LES OGSÅ: Den vesle mekanikaren

Låg terskel for å delta
Kvålseth håper på god deltaking frå dei yngste syklistane.

– Den korte løypa er veldig fin for å få ei kjensle med kva denne sporten er, og alle som deltek i denne klassa får premie. Rekruttering er viktig for oss i Bratt Sykkelklubb, og vi møter ofte 10-12-åringar oppe i skogen.

Kvålseth minner alle deltakarane om å ha på tryggleiksutstyr.

– Vi har helsepersonell til stades i løypa, men håper sjølvsagt at vi slepp store skadar på deltakarane.

LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett