Droppa fotball til fordel for motocross

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fartsglad 11-åring

– Eg satsar alt. Absolutt alt. Eg skal bli best i motocross, seier Wilhelm Bø Hoyvik og ser på meg med ope og fast blikk.

– Eg har medlemskap både i motocrossklubben på Bømlo og på Stord, dette for å trena mest mogleg for å bli best mogleg, seier han.

LES OGSÅ: Eit mekkemekka for ungdom

Kløtsjen øydela
Bømlo-nytt møter 11-åringen på motocrossbanen på Våge. Det er berre gått nokre dagar sidan han vart vestlandsmeister i motocross i 12-årsklassen. Han vann begge heata i den femte og siste runden i Vestlandsmeisterskapen i motocross, som gjekk føre seg på Stord i helga.

– Eg vann tre av fem rundar i Vestlandsmeisterskapen dette året. I dei to andre rundane kom eg på andreplass. Det har gått godt i år, men det kunne også gått betre. Eg var småsjuk, men fekk også kløtsjproblem med sykkelen på runden her heime. Det er pappa sin feil. Han burde gjort ein betre jobb med sykkelen!

LES OGSÅ: Får bildraum oppfylt

Familiesport
Far Kjetil Bø smiler av kritikken.

– Eg er mekanikaren hans, ja. Det blir ein del skruing på sykkelen etter både trening og konkurransar, men eg likar det. Og så må ein berre følgja opp. Når barna byrjar med ein sport som dette, må foreldra berre stilla opp. Sporten krev mykje, både tid, energi og pengar. Det er mykje reising også. Det blir ofte slik at motocross er ein sport for heile familien. Då me arrangerte fjerde runden i Vestlandsmeisterskapen her på Bømlo, var det over 100 bubilar og campingvogner her, seier Kjetil Bø.

Betre enn fotball
Den hardaste konkurrenten til Wilhelm Bø Hoyvik i år har vore stordabuen Daniel Sagvaag. Dei to har hatt fleire durabelege kampar om sigeren i dei ulike løpa.

– Han er flink, har ein god teknikk og køyrer svingane betre enn meg, men eg er flinkare til å køyra fort gjennom heile løpet, er analysen den fartsglade 11-åringen gjev om tvekampen mellom dei to.

Wilhelm Bø Hoyvik starta motocrosskarriera si for berre to og eit halvt år sidan, og markerte seg alt på dei fyrste løpa med sin djerve køyrestil som førte han opp på toppen av resultatlistene. Framgangen har halde fram sidan.

– Eg kjem ikkje til å gje meg med denne sporten. Eg slutta med fotball etter å ha spelt i fem år. Eg syntest det var kjekt å spela kampar, men likte ikkje så godt treningane. I denne sporten elskar eg både å trena og konkurrera, fortel 11-åringen.

Saka var først publisert i Bømlo-Nytt.