Ser mot Tyrkia

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Morten Myksvoll er ein travel fyr. I tillegg til å studera Samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen sit han i bystyret i same by, som representant for Framstegspartiet (FrP). Og så brukar han nokre timar kvar veke til å skriva om Tyrkia.

Resultatet er Tyrkiskpolitikk.no – og Morten Myksvoll er denne vekas bloggar.

Framtida vil kåra verdas beste nynorske blogg – les meir her!

KattIstanbul

Morten Myksvoll skriv om Tyrkia. Men dette er Internett, og sjølvsagt er kattar involvert. Foto: Privat

Kattar?
På nettsida skriv Myksvoll mykje om den politiske situasjonen i Tyrkia. Om ønskjet om demokrati, den islamistiske røyrsla, og kattar.

Ja, kattar. Faktisk er historia om kattane i Istanbuleit av dei innlegga han er aller mest nøgd med.

«Er du glad i kattar, bør du legge din neste tur til Istanbul. For er det ein ting ein legg merke til der, så er det dei utallige kattane som ein finn over alt.» Slik startar Myksvoll historia om kvifor gatene renner over av kattar, og korleis den tyrkiske kulturen kan vera ein av grunnane til dette.

Innlegget er faktisk det mest leste på bloggen.

LES OGSÅ: – Ver deg sjølv

Sommarferie og arabisk vår
Kvifor akkurat Tyrkia? Stilte du deg sjølv det spørsmålet, er du ikkje åleine. Akkurat det spørsmålet er den vanlegaste tilbakemeldinga Myksvoll får. Han har sine grunnar.

– Interessa stammar nok frå ein sydentur då eg var liten, men den politiske dimensjonen dukka først opp under den arabiske våren. Då såg me millionar av menneske som såg til Tyrkia, og som ville leva i eit demokrati dei òg. Så kom Gezi-demonstrasjonane, som verkeleg sementerte den politiske interessa i landet, og som definitivt viste at alt ikkje stod så bra til i Tyrkia heller, seier Myksvoll.

MortenMyksvoll

Morten Myksvoll i Istanbul. Foto: Privat

LES OGSÅ: Frå bygdefyll til «popsikkel»

Verdsmeistrar
Til vanleg er det ikkje så mykje fokus på Tyrkia i norske media. Det tykkjer Myksvoll er litt rart.

– Nordmenn er nærast verdsmeistrar i å reisa til Tyrkia, så det skulle eigentleg berre mangla at me viste litt interesse for landet òg. Det er så mykje meir enn Syden. Tyrkia har ein rik kultur og ein heftig historie, som hovudsete for to imperie. I tillegg har dei eit politisk system som – på godt og vondt – leverer nyheiter på løpande band, fortel Myksvoll.

LES OGSÅ: Motevitskaplege ferjereiser

Større ambisjonar
Det var på oppmoding frå andre at Morten Myksvoll starta opp bloggen.

– Eg skreiv jamleg om Tyrkia før eg oppretta nettstaden, men fekk fleire tilbakemeldingar på at eg burde samla det ein stad. Eg er ikkje ein Tyrkia-ekspert, men ønskjer å læra meir om landet, og eg lærer ved å skriva om det.

I dag er bloggen eit overskotsprosjekt – noko han gjer på fritida for å kopla av. Det tek nokre timar i veka, fortel Myksvoll – men han vil gjera meir.

– Det er absolutt verdt det. Det er absolutt eit prosjekt eg vil halda fram med, og eg har veldig lyst til å gjere meir ut av det. Eg håper at eg kan reise ned til Tyrkia neste år, for å skrive heilt eigne saker om parlamentsvalet. 

LES OGSÅ: Den gale profeten

Og han har eit klart tips til andre som vil blogga om liknande tema.

– Sett i gang. Ein finn det meste på internett, men det betyr at ein òg finn folk som er interessert i det meste.

Veit du kva som er verdas beste nynorske blogg? Send inn nominasjon her!

Faktaboks

 Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.


• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.


• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.