– Det inni ser du ikkje

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert hos Vest-Telemark Blad

«Du slo eit barn i går. Han sat på golvet, strødde kattesand på golvet. Du gjekk med raske steg mot sonen din, pulsen banka, hendene stramma seg. Du lyfta han opp med ei hand så han var i høgde med andletet ditt. Du ropa høgt. Så slo du. Såg du augo hans idet du lyfta handa di?»
«Du la deg naken ved sidan av dottera di i går. De var åleine heime, og du visste at ingen ville oppdage det. Ho hadde akkurat sovna og du sat i stua og kjente ei uro i kroppen. Gjekk ut i hagen ein tur. Vatna ein rosebusk. Gjekk inn i stua, såg på Dagsrevyen, sette på kaffitraktaren. Men drakk aldri opp kaffien du skjenka i. Den var kald då du kom ut frå soverommet hennar. Du høyrde gråten hennar medan du vaska hendene dine. Såg du augo hennar då du reiste deg frå senga?

LES OGSÅ: Levde med dobbelt sett foreldre

Vald og overgrep 
«Highway to hell», song fem ungdommar frå kulturskulen under 10-årsmarkeringa for barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark tysdag. Gjester frå helse, psykiatri, politi, barnehagar, skule, politikarar, kommunal administrasjon, barnevern og familiekontor var samla for å markere samarbeidet. Temaet for dagen var vald og overgrep mot barn. 
– Eg tenker på den AC/DC-låta og tittelen «Highway to hell». Det er nok mange av dei unge me møter i arbeidet vårt som er rett på veg dit. Nokon veit det, andre skjønar ikkje at det er der dei kan hamne, innleia familierådgjevar Øyvind Aschjem frå organisasjonen Redde små.
Han meiner det er om å gjere å kome så nær som mogleg.

LES OGSÅ: – Barn får munnkorg om overgrep

Tausheit 
«Dei åt middag i tausheit i går. Bare lyden av eit glas som forsiktig blei sett ned på bordplata, kniven som skrapa mot ein kvit tallerken, duren frå kjøleskåpet. Lyden av ei ambulanse langt borte. Små detaljar som braut ei dødeleg tausheit. Såg de augo til det vesle mennesket som sat i barnestolen og fylgde vaktsamt med på blikket frå den eine til den andre?»
«Du var full i går. Avtala var at de skulle i ein familiepark etter frukost. Du tenkte på det medan festen haldt fram utover natta, men langsamt forsvann tankane. Ho vekte deg rett før ni. Stod i pysjamasen med dukka på armen. Kjem du mamma? Rakk du å sjå augo hennar i det du snudde deg og sov vidare?»

LES OGSÅ: Uroa for sårbare Oslo-barn

Dei usynlege 
Det er så mange usynlege barn. Dei tilsette i barnevernsamarbeidet møter nokre av barna som bur i Vest-Telemark. Nokre familiar vil ha hjelp, andre ynskjer det slett ikkje.
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark får inn 92 meldingar i året i snitt. 
– Me har hatt 186 barn på tiltak i året, seier barnevernsleiar Synnøve Bratland. 
Tysdag nytta ho høvet til å kalle fram alle medarbeidarane i barnevernsamarbeidet. Ho gav dei ei rose, fortalde at ho var stolt av dei.
– Ser me eit barn som kan ha det vanskeleg, så stopp opp. Tenk: kan eg gjere ein forskjell, oppmoda barnevernsleiaren.
– Me feirar jubileum i dag, men det er ikkje ein dans på roser å jobbe i barnevernet. Det tærar på å ta innover seg så mange sterke historier. Nokre av barna våre kan de møte på utstillinga «Hvis klær kunne fortelle» her i dag, uttala Bratland.

LES OGSÅ: Få kommunar har barnevernsvakt

Han bad deg stoppe 
«Han prøva hindre deg frå å skade kona di i går. Raseriet hadde bygd seg opp i fleire timar, du venta på eit høve det kunne få fritt utløp. Og så kom ho for seint heim etter å ha besøkt ei venninne. Ho forstod det med ein gong ho kom inn i stova, andpusten etter å ha springe heim frå busshaldeplassen. Du ville ikkje høyre, men let heller beskyldningane hagle over ho som ei skur av småstein. Bordet velta i det ho prøva å springe ut att, men du var raskare. Du drog ho ned etter håret, inn i stua og sparka ho medan ho låg nede utan å sei et ord. Då kom den vesle guten din ned trappa med leikepistolen de hadde leika med tidlegare den kvelden. Han visste at den ikkje kunne bli bruka, men han slo etter deg medan han ropa og bad deg stoppe. Såg du augo hans då han la seg oppå mamman for å beskytte ho? »

LES OGSÅ: Fleire får hjelp frå barnevernet

Barnehagane 
– Når du har blitt kjent med meg, har du blitt kjent med mange barn, uttala ei jente ein gong til meg. Det same gjeld her i Vest-Telemark. De kan møte eit barn som fortel si historie om å vere mindreverdig, så har de heile historia om barns kjensle av å ikkje vere gode nok, seier Aschjem. 
Han meiner det er svært viktig å starte arbeidet tidleg. 
– Barnevernstilsette fortel ofte at dei møter barn som er ferdig øydelagde. Ein får aldri reparert heilt det som er øydelagt i barnets tre fyrste år av livet. Før barnet fyller tre år kan overgrepet skje, dei kan vere vitne til vald, fyll, ustabilitet eller utryggheit for fyrste gong. Kven er der for dei då? Jordmor har vore der, helsesøster er der og barnehagen, den er der, seier han.
Aschjem meiner barnehagane er ein svært viktig arena for å stille spørsmål.

LES OGSÅ: Krev betre vilkår for asylborna

Handling før førebygging 
Aschjem trekkjer fram at ein alltid snakkar om førebygging som punkt nummer ein. Han meiner det er feil. 

– Vesle «Maria» går i ein av barnehagane i Vest-Telemark. Ho er ikkje oppteken av at ho kan få spiseforstyrring som 14-åring, kutte seg som 15-åring, ruse seg som 16-åring eller slite med sambuaren som 20-åring. Ho er ikkje interessert i å vite om det nå. For ho er det viktig at augeblinken blir beskytta. Så punkt ein må vere: Beskytt augeblinken hennar, så får Maria ta med seg dei gode gevinstane av at ho blei beskytta og derfor unngjekk dei langsiktige skadane som er svarte, og veldig vanskeleg å rette opp att, seier Aschjem. 
Han meiner difor at ein må øve seg.
– Det er ei oppgåve til alle, uansett kva del av kommunen eller etat du jobbar i. Øv deg på å vise omsorg og innleving. Prøv det dagleg. Ikkje ver så opptatt av det du ikkje rakk, det du ikkje rekk eller det du skal. Øv på å vere tydeleg og vere tilgjengeleg for folk når dei treng deg, oppmoda han.

LES OGSÅ: Desse yrka er mest slitsame

For få melder frå 
Aschjem nytta høvet til å rose barnehagetilsette som er med på å bygge opp att tryggleiken barn har mista. 
– Dei vuggar, dei byssar barna i søvn, dei klappar kake med dei og bygger sjølvtillit. Takk, uttala han.
Samtidig minna han om noko viktig. 
– Meldingsfrekvensen til barnevernet er for låg. Det er trass alt ei plikt å melde, og det er betre at ein melder ein gong for mykje enn for lite. 

LES OGSÅ: – Kjempestort behov for utdanninga vår

Eit godt barnevern 
Regionordførar Jon Svartdal, meiner at barnevernssamarbeidet framleis er eit flaggskip for det interkommunale samarbeidet i Vest-Telemark.
– Her på den idylliske landsbygda der alle kjenner alle, til og med her skjer det vonde ting mot barn. Eg har sett ting i mine yngre dagar som har gjort meg usikker på om kvar og ein kommune kan yte eit godt barnevern. Samfunnet er for lite. Nå er den terskelen om å gripe inn borte, og me politikarar kan slappe av og stole på barnevernssamarbeidet. Det har gjeve oss større tryggleik, og eg trur samarbeidet gjer det lettare for dei som jobbar der også. Dei er eit kollegium, eit fagmiljø som kan konferere, støtte og rettleie kvarandre, og heve og sikre kvaliteten på tenesta, uttala han. 

LES OGSÅ: Her er dei beste TV-seriane

Eitt plagg – ei historie 
– Eg hugsar eg hadde eit kurs for nokre år sidan, då kom det ein lege bort til meg og sa: Kan du ikkje slutte med det «føleriet», eg vil ha fakta. Det er noko med det, me held ein avstand for å beskrive og oppleve på avstand, ikkje skape ein nødvendig medkjensle. Derfor blei utstillinga «Hvis klær kunne fortelle» skapt, seier Øyvind Aschjem frå foreininga Redde små. 
Den gripande vandreutstillinga vekker sterke kjensler. Den er sett saman av klede og gjenstandar som høyrer til barn og vaksne som har opplevd grufulle ting i barndomen. Ein møter mellom anna historia til den vakre, fargerike sommarkjolen og eit vernande gullkors som ikkje kunne gje nok vern for barnet det høyrde heime hos.
– Skulane i Vest-Telemark skal ha felles planleggingsdag på Straand hotell fredag og får difor høvet til å sjå utstillinga. Me håpar mange andre tar turen innom for å sjå også, seier Synnøve Bratland.
Utstillinga, som er sterk og ekte sett saman av 20 klesplagg og gjenstandar, har til nå blitt sett av mellom 30 000 og 40 000 menneske i Noreg. 
Medan utstilling nummer to er i Vrådal, er den fyrste utstillinga Aschjem laga på skulebesøk.
– Nå er den hos ungdomsskuleelevar i Agder. Barn har sett den, ungdom, vaksne, stortingspolitikarar. Når utstillinga blir plukka ned i Vrådal skal den vidare til 500 ungdomsskuleelevar i Bamble, så Kragerø så vidare rundt om, fortel han.

LES OGSÅ: Studentar med born nedprioriterast