Fleire får hjelp frå barnevernet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire får hjelp frå barne- vernet

Nær 50.000 barn og unge mottok tiltak frå barnevernet i løpet av 2010. Dette var 7,1 prosent fleire enn året før, ifølgje nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Ei barnevernssak startar ofte med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjera om dei skal setja i gang ei undersøking eller leggja bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan 3 månader konkludera om det skal setjast i verk barnevernstiltak, eller om ein skal leggja bort saka.

I noko meir enn halvparten av dei påbyrja undersøkingane var tilhøva i heimen registrert som grunn, medan omsorgssvikt/mishandling var oppgitt i meir enn kvar fjerde undersøking. I 14 prosent var det åtferdsavvik hos barnet som var grunn til undersøkinga.

Over dobbelt så mange undersøkingar i Finnmark
Det er store skilnader mellom fylka i talet på undersøkingar som vart påbyrja i 2010 i høve til folketalet. Finnmark, som også tidligare år har hatt flest undersøkingar, hadde 47 påbyrja undersøkingar per 1 000 barn under 18 år. Dette er over dobbelt så mange som Sogn og Fjordane, som hadde 22 per 1 000 og klart færrast undersøkingar i høve til folketalet. Landsgjennomsnittet for 2010 var 29,5 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år.

Færre med behandlingstid over 3 månader
Av 29 900 undersøkingar avslutta i 2010 hadde 76 prosent ei behandlingstid på under 3 månader. Tilsvarande tal for 2009 var 69 prosent. Talet på saker med behandlingstid frå 3 til 6 månader gjekk ned frå 24 prosent av dei avslutta sakene i 2009 til 17 prosent i 2010. 6 prosent av undersøkingssakene i 2010 hadde ei behandlingstid på 6 månader eller meir, mot 7 prosent året før.

Talet på barn med tiltak i løpet av 2010 auka i alle aldersgruppene. 16 prosent fleire unge mellom 18 og 22 år mottok tiltak sett i høve til i 2009. Totalt mottok vel 5 500 unge over 18 år tiltak i 2010, noko som berre utgjer om lag 11 prosent av alle barn med tiltak i løpet av det året.