Lærarløftet: Slik skal elevane læra meir

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik blir Lærarløftet

I Lærarløftet lanserer regjeringa fleire reformer som til saman skal skape ein skule der elevane lærer meir. Målet er fagleg sterke lærarar, ei attraktiv lærarutdanning av høg kvalitet, læring og fleire karrierevegr for lærarar.

– Regjeringa vil skapa ein skule der elevane lærer meir. Kunnskap gjev høve for alle, uansett bakgrunn. Kunnskap vil skapa dei arbeidsplassane me skal leva av i framtida, og sikra velferda i tiåra som kjem. Difor er kunnskap eit av regjeringa si hovudsatsingsområde, seier statsminister Erna Solberg i ei pressemelding.

I strategien som vert lagd fram i dag tek regjeringa fleire grep for å gjennomføra skulepolitikken sin, mellom anna:

• Alle elevar skal møte ein lærar med fordjuping i matte, engelsk og norsk.
• 5-årig masterutdanning for lærarstudentar
• Auka opptakskrav frå 3 til 4 i matte for å koma inn på lærarutdanningane
• Ytterlegare opptrapping av vidareutdanning for lærarar
• Innføra forsøksordningar for nye karrierevegar for lærarar. Regjeringa vil difor starta eit pilotprosjekt der karrierevegar vert prøvd ut i eit avgrensa tal kommunar frå hausten 2015.
• Meir kompetanse til fylke, kommunar og rektorar for å skapa kunnskapsskulen

– Det viktigaste for at elevane skal læra meir er endå betre lærarar. Difor gjennomfører me eit lærarløft. Lærarar på barneskulen skal ha minst 30 studiepoeng i faget for å kunna undervisa i matte, engelsk og norsk. På ungdomsskulen må dei ha minst 60 studiepoeng, som svarer til eitt års full utdanning. Det vil gjera gode lærarar endå betre, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Det er grundig dokumentert i forskinga at elevane lærer meir når lærarane er fagleg sterke. Samstundes viser tall frå SSB at éin av fem mattelærarar i grunnskulen manglar fordjuping i faget dei underviser i. Det same gjeld éin av sju norsklærarar og over fire av ti engelsklærarar. Regjeringa tek sikte på at alle lærarar i norsk skule, òg dei som er i skulen i dag, skal oppfylle krava innan 10 år.

– Å skapa ein skule der elevane lærer meir er eit lagarbeid. Fagleg sterke lærarar har behov for at det er eit lag på skulen, der dei kan dela kunnskap og få inspirasjon. Regjeringa forventar at skuleeigarane, kommunar og fylke rundt om i heile landet tek eit hovudansvar for å utvikla skulane lokalt. Regjeringa vil støtta opp om dette, seier Røe Isaksen.

Innfører nasjonale lærarstudentprøvar
For å kartleggja kvaliteten på dei ulike lærarutdanningane vil regjeringa innføra nasjonale deleksamenar i utvalde fag i den nye grunnskulelærarutdanninga.

Kunnskapsministeren viser til undersøkingar der studentar ikkje nøgde med den praktiske-pedagogiske utdanninga (PPU). Dei meiner han er lite relevant for den røyndomen studentane møter i skulen. Difor vil regjeringa òg vurdera endringar i dagens PPU-ordning, slik at det førebur studentane betre til skulekvardagen.