Strofe for strofe, gjennom observasjonar og mykje arbeid, i naturen og jakta på det universelle – vert tekstane til STAUT til. Vi har møtt låtskrivar Ørnulf Juvkam Dyve. 

Du har kanskje søkt opp Sjå sole på vors, gaula med på Stugureint på konsert, eller du har fått Eit gøtt gamalt frieri eller Gå i stå eller ein heilt annan låt på hjernen. Før dette, før karane i Staut har øvd på dei og nokon høyrer låtane for fyrste gong, må tekstane skrivast. Og tekstane til Staut vert skrive av Ørnulf Juvkam Dyve.

– Å skrive tekstar er mykje jobb. Det er viktig at også lyttarane kan bruke litt tid på tekstane, at dei er til meir enn festbruk. Storparten har ei dobbel eller trippel meining, seier han.  

Språket ein er
– Det handlar om å bruke språket ein er. For meg ville det vore ei barriere å arbeide med engelsk.

For Ørnulf skriv på valdresdialekt, med ord som brok, mø og sæl. Tidligare har han fått Valdres Mållag for bruken av dialekt i sitt musikalske virke.

– Det er lett å spørje om inspirasjonen i det heimlege.

– Det kan vera lett å skrive om det som er nær seg, likevel ynskjer eg jo å få fram noko universelt, seier han. Og peikar på Sjå sole som ei av låtane frå det heimlege landskapet i Bagn, der det er vinter i elva og ein høyrer bekken som sildrar, men som samstundes handlar om nytt liv.

– Det er lett å kapsle følelsar via naturen, og eg vert inspirert av å gå i fjellet. Så er det spesielle følelsar knytt til nokre plassar, følelsar som heng ved ein. Som Høvreslia, der det er kort veg over til Gol og høve til å denge hallingar, forklar han.

Kun eit gråsvart fjell skille me å’n Kjell – å mø tala likt men pengeboke hass æ tjukkar lell, som det heiter i ei strofe i låten Stugureint.

– Den låten er like aktuell globalt. Folkeslag må rett og slett slutte å denge kvarandre. Det er fint og i Alf Prøysen-tradisjon å skrive lokalt, men samstundes tenkje globalt. 

LES OGSÅ: – Prøysen framleis veldig aktuell

Oppmodinga
Nett bodskapen om å oppføre seg mot kvarandre, peikar Ørnulf på eit tema som kjem at i mange av tekstane.

– Det kan vera å ikkje vera valdeleg, eller det å ikkje prakke på nokon ei tru det dei ikkje vil ha. Det kan vera misbrukaren og presten. Eg meiner det vert viktigare og viktigare – vi må kjenne kvarandre sjølv om vi er ulike. Det går an å oppføre seg, og det må vi lære oss, seier han.
Oppmodinga kan gå i vidt ulike retningar, som i Kjære voldsmann, der både valdsmannen, valdtektsmannen, fleinsoppkremaren og predikanten same salva: Ta de’ eitt minutt å’ tenk på ko du gjorde då du snudde fleire liv ei anna lei/ Æ nok fåfengt å førtelja ko du borde/ Gjekk vel mykjy bere om du kjende ordet nei…

Les også: Berre stas i STAUT

Jobbetekstar
Reint praktisk involverar tekstverket både masse arbeid og bruk av rimordbok. Det handlar om å få tankerekkene inn i former.

– Ein del av tekstane er jobbetekstar, eg jobbar og jobbar utan å kome i mål. Så har eg gjett opp, og då kjem plutseleg løysinga og låten løyser seg, fortel Ørnulf. Nett nokre av desse jobbetekstane er av dei han er aller mest nøgd med, som Overflodslandet – ein hyllast til lokale bestefedrar.

– Evig din var ein tung tekst å kome gjennom, eg var mest redd for å fullføre den.

Ta me’ dit ein ny dag gryr/ Tenk på me’, men sjå me’ sel å yr/E’ går hit, men du ska’ vente du/Altfør ti’le gå, men kan’kji snu.
Men på den andre sida har også Ørnulf fått oppleve det musikarar gjerne talar om – songen som berre kjem.
­– Den fyrste sida vart til ved pianoet heime i 2009. Alt var berre på plass medan eg spelte. De er så fint når det ikkje handlar om å gjere svære ting, men berre det å vera sæle i innan.

Men det beste æ den fyrste sida/Der det står ko sæl du æ i me

Observasjonstekstar
– Det vert ein del observasjonstekstar. Som i Tre trauste kara, slike karar eg ser heime, som held seg til det same heile livet.

Den fyste hadde kulemage, den andre va jevnfeit/ Den trea va ein tosk men syns at livet va heilt greit.

– Men eg endrar såpass at det ikkje vert påfallande, legg han til.
For Ørnulf tykkjer det er moro å jobbe med personkarakteristikkar, om det er lokale heltar eller pappagutar frå Holmenkollen. Av figurane han har skapt, er karen i Som ein mann frå fyrsteplata ein av favorittane – Han sto som ein mann/tala eigen sak, kledd i eld og brann/Gode råd for alt alle, hadde han/Han jenka det te/Sa sannheite som det passa se/Ga øss prov på lite vet og snau forstand.

– Han er så tydeleg. Veit så frykteleg best. Ein køddar ikkje med han.
Ei gruppe han har karakterisert i tekstane og som han likar, er dei som verkeleg prøver og så går på ein smell. Ørnulf meiner det fortener både skål og lønn.  

E skåla før han som har gått på ein smell/Som trudde det gjekk men så gjekk ’kji lell

Men det er ikkje berre nye personar som dukkar opp i Staut-tekstane. Lyttarane har også fått høve til å høyre nye ord.

– Å skape eigne ord er både underfundig og artig, om det er fleinsoppkremar, eller papirboblepeng som er min låtskrivarkritikk av aksje-køyret.

LES OGSÅ: Trur folk er sugne på nynorsk viserock

Vidare
Laurdag 11. oktober har bandet sleppekonsert på Rockefeller i Oslo for albumet St.Peppersby – 12 nye tekstar, som snart skal møte publikum, gaulast med på og søkast opp på vors. For det å vera låtskrivar er å vera i prosess. Og for Ørnulf handlar det mellom anna om å ikkje verte einspora, samstundes som publikum alltid skal høyre at det er Staut.

Bodskapen om å oppføre seg, som har vore med frå den fyrste plata, kjem sterkt med også denne gongen. Som i låten Bringa mi, der ein ser, men går forbi. Det er jo verre å gjere noko.  Men i bringa mi ber e på ei skam.

– Vi må vise respekt for kvarandre. Vi må tåle at andre tenkjer noko andre, og ikkje sjå ned på dei som er annleis enn deg sjølv, avsluttar låtskrivaren Staut-bodskapen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE