Der alle byrjar på «golvet»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tykkjer alle burde fått moglegheita til å jobba på golvet. Og hadde eg ikkje fått tilbodet om det, så hadde eg nok bede om å få gjera det, seier Malin Dyrdal frå Tjelta utanfor Stavanger.

Ho er ei av dei tre heilt nyutdanna som har fått jobb hjå PSW i sommar.

Bevist strategi

Dei siste åra har ein bevisst del av strategien til selskapet vore å aktivt vera til stades på karrieredagar ved Høgskulen i Bergen, for å sikra seg dei beste kandidatane. Slik var det og Dyrdal kom seg inn i PSW.

– Eg hugsar ikkje kvifor, men eg kunne ikkje vera med på karrieredagen. Men han eg skreiv bachelor saman med, fekk to billettar. Eg fekk den eine, og vi enda på bord med PSW, fortel ho.

LES OGSÅ: «– Menneska er resursen i dette selskapet. Det er dei som gjer at me vinn denne prisen»

Etter den middagen fekk ho og seks–sju andre tilbod om å koma ut og sjå på fasilitetane som selskapet har å by på.

Etter den dagen valde selskapet seg ut nokre dei ville snakka nærare med. Mellom dei var altså Malin Dyrdal.

– Kvifor ville du byrja i PSW?

– Eg likte bedrifta godt, det dei gjorde på. Folka her var hyggelege og jordnære. Og det er ei spennande bedrift, til trass for at den ligg langt vekke, seier ho.

Ho bur for tida i Bergen, men tek konsekvensen av sin nye arbeidsplass og flyttar snart til Lindås, der ho mellom anna har ei bestemor frå før av.

Som ein del av prosessen må dei nytilsette jobba nesten eit halvt år på golvet for å verta kjent med bedrifta, utstyret, produkta og korleis ein jobbar.

– Korleis er det å måtte jobba på golvet, før du får plass på kontor?

– Eg elskar å jobba på golvet, seier Dyrdal, som før ho utdanna seg til maskiningeniør, tok fagbrev som motormann på ein kjemikalietankar.

Den dagen avisa Nordhordland er på besøk, er ho oppteken med å demontera ein guideline tensioner.

– Betre samhald

– Ein får eit anna innblikk i korleis ein ser på ting når ein har vore borti det med nevane, seier ho.

I tillegg dreg ho fram betre samhald og samarbeid i bedrifta.

LES OGSÅ: Nytt tårn gir auka aktivitet

Det same gjer Dan Endre Bigseth. Han jobbar no som prosjektleiar i PSW, men byrja i august 2013 på golvet, som dei andre.

– På den måten veit ein kva ein snakkar om, og kor store ting faktisk er, seier han.

– Eg trur det er for mange som berre sit på kontor og ikkje har peiling, seier han.

Sjølv hadde han vore på intervju i Aker, og hadde avtalt intervju med FMC.

– Men etter å ha vore her ute ein gong, så synest eg det verka meir interessant. Det var meir hands on, seier subsea-ingeniøren.

Urolege tider

PSW har no over 150 tilsette i konsernet. Halvparten av dei held til på Mongstad. I 2013 hadde dei rekordomsetjing med 178,1 millionar kroner og eit driftsresultat på 14,6 millionar kroner. I år er håpet å koma over 200 millionar kroner i omsetjing for hovudselskapet og å tilsetja rundt 15 nye.

Til trass for urolege tider, fryktar dei nyutdanna ikkje for mykje for framtida.

– Ein tenker jo sjølvsagt over det når ein ser overskriftene kvar dag. Men vi har jo oppbemanna i sommar, peikar Dyrdal på.

Administrerande direktør i PSW, Oddbjørn Haukøy, er svært nøgd med studentane sine, og kallar dei ein fantastisk resurs. Men han åtvarar om tøffe tider framover.

– Vi har trua på framtida, men det vert nokre tøffe år på kort sikt, seier han til avisa Nordhordland.

LES SAKA I NORDHORDLAND!