No er video det viktigaste.

I ei pressemelding syner Telenor ei ny oversikt over korleis nordmenn brukar breibandet. Heile 60 prosent av trafikken går med til video.

Mykje Netflix
Netflix, som har blitt enormt populært i Noreg sidan det vart lansert i 2012, står åleine for tjue prosent av breibandsbruken til nordmenn. Breibandet er på veg til å erstatta fjernsynet.

– Me brukar Internett som ei underhaldnings teneste på linje med TV-en. Med inntoget til tenester som Netflix, YouTube, TV 2 Sumo, NRKs nett-TV og andre straumeleverandørar, har TV på Internett verkeleg tatt av, seier Snorre Corneliussen, Telenor sin breibandsekspert, i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Yah! Amerikanorsken lever

Data-opptur
Ein anna trend som markerer seg, er live-strauming av dataspel gjennom Twitch.tv. Sida som viser live-speling av til dømes DOTA 2 og League of Legends står åleine for to prosent av nettbruken.

LES OGSÅ: Sportsstipend til dataspel

Nettrafikk

Slik ser nettbruken vår ut. Illustrasjon: Telenor

Søndagsbruk
Telenor seier dei taklar den auka etterspurnaden etter videostrøyming.

– Me har oppgradert breibandsnettet kraftig, og klarar dimed å handtera dei store trafikkmengdene som følgjer med videotenester, seier Corneliussen i pressemeldinga.

Oversikta over nettbruken viser og at søndagen er den største nettdagen, med opp til 30 prosent meir trafikk enn på ein kvardag.

Og sjølvsagt aukar nettbruken på mobil kraftig.

LES OGSÅ: Internett tar over meir av fritida

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

Kommentarar

ANNONSE