KrFU-leiar Emil André Erstad gjekk på eit nederlag då éi stemme avgjorde homospørsmålet i ungdomspartiet under landsmøtet.

mm

Denne helga er KrFU samla til landsmøte på Sola i Rogaland. Den mest splittande saka på programmet var oppgjeret om homo-ekteskap.

Stort engasjement
KrFU-leiar Emil André Erstad gjekk tidlegare i år ut og sa at det er på tide KrF endrar standpunkt når det kjem til homofile ekteskap og adopsjon. På førehand hadde Erstad fleirtalet i landsstyret med seg, og det var forventa at ungdomspartiet skulle stemme for.

Debatten vakte stort engasjement og over ein tredel av delegatane var på talarstolen, melder avisa Vårt Land.

Store og tradisjonelt konservative fylkeslag, som Rogaland og Vest-Agder tala imot ungdomsleiaren sitt standpunkt. Argumenta gjekk på at ekteskap er ei grunnleggjande eining i samfunnet og den mest stabile ramma rundt barns oppvekst. 

Fylkesleiar i Vest-Agder, Tove Welle Haugland, peika likevel på at å vere imot ei felles ekteskapslov ikkje må sidestillast med å vere imot homofile.

LES OGSÅ: – Modig og riktig av KrFU-leiaren

–  Heiar på ekteskapet
Forkjemparane for homofilt ekteskap er motstandarar av å ta frå homofile ei ordning som regulerer samlivet mellom to menneske.

– Dette er politikk, ikkje teologi. Eg heiar på ekteskapet både for homofile og heterofile, sa andre nestleiar Tone Marit Håland Dyrkolbotn.

Etter laurdagens avstemming vart det klart at ungdomspartileiaren og nestleiaren ikkje har fleirparten av partiet sitt i ryggen i denne saka og at ungdomspartiet til KrF vil ha ekteskapet som ei ordning mellom mann og kvinne.

– Dette var gledeleg. Det syner at me på landsmøtet tenkjer sjølv og tek avgjerslene ut i frå debatten, sa Marie Ljones Brekke, delegat frå Rogaland tilVårt Land.

LES OGSÅ: Fleire besøkte utmeldingssida til kyrkja

Framleis leiar
Med berre èi stemme  i overtal gjekk landsmøtet inn for denne formuleringa:

«Ekteskapsloven, adopsjonsloven, barneloven og bioteknologiloven skal bygge på prinsippet om at alle barn har rett til en mor og en far og arbeide for å endre den vedtatte ekteskapsloven, slik at den gamle lovens definisjon av ekteskap som en ordning mellom mann og kvinne gjenopprettes».

Ein person stemte blankt og KrFU-leiaren måtte med det sjå seg slått på målstreken.

– Eg får leve med at eg er ueinig med politikken som er vedteke. Dette vil ikkje ha noko å seie for mitt engasjement som leiar av KrFU, seier Erstad til Vårt Land.

Han er likevel nøgd med tona i debatten og at dei har lukkast med å gjere det legitimt i KrFU å meine at  homofile kan gifte seg.

– Éin av to delegatar meiner det, peikar Erstad på.

LES OGSÅ: Melder seg ut av Presteforeningen i protest

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

Kommentarar

ANNONSE