Kvinnene fyller universitetet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ei vanleg oppfatning at når kvinner tek over eit yrke, minkar prestisjen til yrket. Men korleis går det når kvinner tek over mest rubbel og bit av prestisjeyrka? Det kjem me truleg til å finna ut mykje meir om i Noreg i åra som kjem. Kvifor? Av di den siste jamstillingsundersøkjinga til Universitetet i Oslo (UiO) syner at berre 35 prosent av uteksaminerte studentar der er menn.
Kvinnene tek ikkje berre over dei mindre prestisjefulle faga, for å seia det mildt: Ved Det medisinske fakultet var det berre 24 prosent av dei uteksaminerte studentane som var menn i 2013. Ved Det juridiske fakultet var talet 27 prosent. Ved profesjonsstudiet i psykologi er 80 prosent av studentane kvinner.
Slik er det ved alle fakultet ved UiO, med unnatak av Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, der heile 57 prosent av dei uteksaminerte studentane er menn. På Det odontologiske fakultet utgjer menn 20 prosent av dei uteksaminerte studentane, på Det utdaningsvitskaplege fakultet 27 prosent, på Det teologiske fakultet 30 prosent, på Det samfunnsvitskaplege fakultet 33 prosent, og på Det humanistiske fakultet 36 prosent. Kort sagt: Kvinner er i massivt fleirtal på heile universitetet.
So dårleg jamvekt kan me ikkje ha, meiner Studentparlamentet ved UiO. Kvifor ikkje, og kva kan dei gjera med det?

LES OGSÅ: Jentedominans i høgare utdanning 

Kjønnspoeng
– Det er spesielt på studiar som medisin, psykologi og rettsvitskap at kvinner er overrepresenterte. Det handlar ikkje om at desse studiane er lite attraktive for menn, det dreier seg om svært høge karakterkrav for å koma inn. Tala frå Samordna opptak syner eit klårt mønster: Karakterkrava og ventelistene på medisin, rettsvitskap og psykologi er dei høgste og lengste på UiO. Jentene er overrepresenterte mellom anna av di dei har betre karakterar enn gutane frå vidaregåande, seier Marianne Andenæs, som er leiar av Studentparlamentet ved UiO.
– Studentparlamentet har difor gått inn for at kjønnspoeng kan verta innførte på studiar der det er mindre enn 25 prosent studentar av eitt kjønn over tid.
– Kva er kjønnspoeng? Korleis kan det hjelpa kjønnsubalansen ved UiO?
– På same vis som ein får alderspoeng, kan ein gjeva kjønnspoeng, som regel 2, ved opptak til studiar der det er ujamn vekt mellom kjønn. På UiO er det ein stendig aukande del kvinnelege studentar på dei mest attraktive studia, difor er dei vanskelege å koma inn på, og ventelistene er lange. Om du har 56 poeng eller 58 poeng ut frå vidaregåande, trur eg ikkje det har mykje å seia for føresetnadene dine for å verta ein god psykolog. På studiar der det er so vanskeleg å koma inn, kan kjønnspoeng difor vera eit godt verkty for å betra jamvekta.
– Men kvifor er det so viktig med betre jamvekt mellom kjønn på universitetet?
– Det handlar her fyrst og fremst om å betra jamvekta mellom kjønn på spesifikke studiar. Samfunnet vårt treng mannlege lækjarar, juristar og psykologar i framtida. Ei god kjønnsjamvekt er òg viktig for læringsmiljøet på studia, seier Andenæs.
– Kvifor har det vorte slik at berre 35 prosent av dei uteksaminerte studentane er menn, og kva anna enn kjønnspoeng kan universitetet bruka for å betra tilhøva?
– Det finst nok ikkje eit eintydig svar på dette. Det kan dreia seg om at jentene gjer det betre på vidaregåande, men det kan òg koma av at jenter i dag er meir interesserte i visse typar akademiske studium. Eg trur uansett at kjønnspoeng er verdt å freista der kjønnsjamvekta er skeiv på studium med høge opptakskrav.
Andre tiltak kan vera meir målretta rekruttering og marknadsføring av dei ulike studia.
– Det er likevel slik at karakterane frå vidaregåande har skapa eit mønster, og difor meiner eg ein òg burde tala om kva ein skal gjera i grunnskulen og vidaregåande skule. Det at jentene er i so stort fleirtal, er relativt nytt, men det er i alle fall ikkje eit større problem enn at gutane, sidan byrjinga til universitetet, var i dominerande fleirtal. Me må heller ikkje gløyma at mange studium framleis har svært høg del mannlege studentar, særleg innan tekniske og naturvitskapelege fag, og der må det setjast inn ulike tiltak for å få inn fleire jenter.

LES OGSÅ: NTNU gir alt for jentene 

Jamstelling
Noreg er eitt av dei mest jamstelte landa i verda, men det tyder sjølvsagt ikkje at kjønnskampen er over. Framleis er me eit land der arbeidsmarknaden i seg sjølv er delt mellom kjønn, får me høyra, og dei tradisjonelle kvinneyrka har lægre løn enn mannsyrke, difor har me framleis eit gap i løn mellom kjønn.
Gapet i Noreg er på 16 prosent, som er éin prosent meir enn snittet elles i Europa. Kvifor har me eit større gap i Noreg om me er so jamstelte? Jau, det er av di kvinner i Noreg arbeider meir enn kvinner elles i Europa, difor går fleire av oppgåvene med å taka seg av born og eldre ikkje føre seg utanfor arbeidslivet, men innanfor, og då gjev desse låglønte yrka seg utslag i lægre løn i snitt.
Det er kan henda ikkje intuitivt, men det er altso bra for jamstellinga i det store biletet at fleire kvinner arbeider, jamvel om det skapar ein marginalt større skilnad i løn i snitt mellom kjønn. Noko av lønsgapet kjem òg av at kvinner i mykje større grad enn menn arbeider deltid. Men kva skjer når kvinner plutseleg byrjar å dominera yrke som tradisjonelt har vore dominerte av menn? Korleis kan det vera eit problem?

LES OGSÅ: Rekordmange kvinner til byggebransjen

Balanse mellom kjønn
Då forskaren Claudia Goldin ved Harvard byrja forska på skilnader i løn mellom kjønn i USA, fann ho ut noko merkeleg: Kjønn hadde noko å seia for løna, jamvel når ho korrigerte for alder, ansiennitet, rase og utdaning, men ikkje i alle yrke. Mellom marknadsførarar, til dømes, var det ingen skilnad i løn mellom menn og kvinner, det same fann ho då ho såg på tannpleiarar. Mellom kjemikarane var lønsgapet berre 4 prosent, mellom sjukepleiarar 11 prosent.
Men for ein finansspesialist var det plutseleg ein stor føremon å vera mann: Kvinnelege finansspesialistar tente berre 66 prosent av det menn tente. For lækjarar og kirurgar var talet 71 prosent, det same for pilotar. Kvinner tente mindre enn menn mellom finansrådgjevarar (73 prosent), tannlækjarar (74 prosent), revisorar (76 prosent), veterinærar (81 prosent), juristar og domarar (82 prosent), lærarar innan høgre utdaning (84 prosent), psykologar (86 prosent) og so bortetter.
Kva kunne det koma av? Om ein ser på lista, kan det sjå ut som om skilnaden er størst i dei yrka som tradisjonelt har vore dominerte av menn, slik som økonom, pilot, lækjar og tannlækjar, men er det slik heile vegen? Farmasøytar hadde til dømes eit svært lite gap i løn mellom kjønn. Nei, meinte forskaren, det handla heller om at desse yrka lønte dei som var viljuge til å arbeida lange dagar – og særskilt på utrivelege tider av døgeret – meir enn dei hine. Farmasøytar tente ikkje meir per time av å arbeida meir, men advokatar som var viljuge til å stilla opp når som helst på døgeret, steig raskare i løn enn dei med mindre fleksibelt skjema.
Kan funna til Goldin verta overførte til norske tilhøve? Tja. Kvinner tener mindre enn menn her òg – i snitt tener kvinner i Noreg 65 prosent av det menn tener i året – men helvta av skilnaden kjem av at kvinner i mykje større grad enn menn arbeider deltid, skreiv Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i ein NOU i 2008. Men kva skjer når kvinner tek over prestisjefulle yrkesgrupper som tradisjonelt har vore dominerte av menn? Har det noko å seia for lønsutviklinga?

Veterinærane
Det tydelegaste dømet på eit yrke som tradisjonelt har vore både dominert av menn og prestisjefullt, og som har vorte teke over av kvinner, er veterinæryrket. I USA og Canada er no 80 prosent av veterinærstudentane kvinner, og talet på menn som søkjer på utdaninga, går stendig ned. Har det gått utover løna?
Jau, syner eit kanadisk veterinærtidsskrift, det er samanheng mellom at yrket har vorte dominert av kvinner, og at løna har gått ned, men det dei ikkje er trygge på er kva som kom fyrst.
I ei undersøkjing frå Australia fann dei ut at menn i større grad enn kvinner meinte at løna var ein viktig motivasjon for å søkja seg til yrket, medan kvinner sa at dei var motiverte av at dei var glade i dyr, at dei sidan barndomen hadde vore interesserte i levande vesen, og at dei hadde ei vitskapleg interesse for sjukdom. Er det då slik at når løna stoggar opp eller går ned, so vert menn mindre interesserte i yrket slik at det vert dominert av kvinner, eller går løna ned av di kvinner dominerer yrket?
Ei tilsvarande undersøkjing frå USA synte at kvinnelege veterinærar aksepterte lægre løn enn menn, og at løna generelt difor gjekk ned, noko som fekk færre menn til å søkja seg til yrket.
Om utviklinga på UiO held fram som ho gjer, finn me snart ut kva som skjer når kvinner ikkje berre tek over veterinæryrket, men når dei i tillegg tek over jus, medisin, psykologi, samfunnsvitskap, utdaning, humaniora, teologi og odontologi.

Saka var først publisert i Dag og Tid.