Dømt til 91 piskeslag for «Happy»-video

Glade iranarar som laga sin versjon av Pharrell Williams-songen «Happy» er dømt for «forbodne relasjonar».

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette gjev dei 91 piskeslag

Ei gruppe på seks iranarar er no dømte til seks månader i fengsel og 91 piskeslag for videoen dei publiserte på YouTube.

I videoen med namn Happy We are from Tehran dansar seks unge menn og kvinner smilande rundt i portrom og på hustak. Videoen blei spelt inn på ein smarttelefon og publisert i vår. No er videoen vist over 1,2 millionar gonger.

Iranske styresmakter arresterte ungdommane før sommaren. Under rettssaka denne veka blei dei funne skuldige i ulovleg filmdistribusjon og «forbodne relasjonar», seier advokat Farshid Rofougaran til nyhendebyrået AFP fredag.

Ein av dei kvinnelege dansarane blei dømt til eitt års fengsel og 91 piskeslag, medan fem andre dansarar og regissøren blei dømt til seks månedars fengsel og 91 piskeslag. Straffane er gjort betinga – noko som gjer at ungdommane slepp å sitja meir i fengsel om dei let vera å bryta lova dei neste sju åra.

LES OGSÅ: Kjempar for fridomen til Nasrin