Kjempar for fridomen til Nasrin

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Menneskerettsadvokat og tobarnsmor Nasrin Sotoudeh er dømt til fengsel i seks år for arbeidet sitt med å forsvara aktivistar i retten i Iran.

I Noreg er Marta Helgadottir ein av dei mest trufaste støttespelarane i kampen for Nasrin. På fredag drog ho og ungdomsgruppa til Amnesty i Bergen til Oslo for å demonstrera utanfor den iranske ambassaden.

– I forhold til at det i polititillatinga vår stod maks 20 personar, var me rimeleg nøgde då over 30 menneske me aldri hadde møtt før dukka opp utanfor ambassaden for å demonstrera saman med oss, seier Marta Helgadottir til Framtida.no.

– Målet var å overrekkja bileta frå Free Nasrin-kampanjen til representantar frå ambassaden. Me hadde kontakta ambassaden fleire veker i forvegen, men dei svara aldri.

Internasjonalt
Bildeaksjonen, som Marta starta tidlegare i haust, samla inn over 300 bilde frå fleire land der folk sette krav til å lauslata Nasrin. Mellom dei som bidrog var mellom anna Arne Hjeltnes, Raudt-leiar Bjørnar Moxnes, trommisen i John Olav Nilsen & Gjengen.

– Medan me demonstrerte utanfor ambassaden, ringte me dei og bad om å få møta ein representant. Dei svara med at dei var opptekne. Då me blei ført vekk av politiet etterpå, fordi demonstrasjonen var ferdig, ikkje fordi me vart arrestert, såg me representantane hengja ut av vindauga i nysgjerrigheit. Dei var visst ikkje så veldig opptekne med jobb då, seier Marta lakonisk.

LES OGSÅ: Færre land avrettar fleire

Svoltestreik
Marta Helgadottir understrekar at sjølv Nasrin Sotoudeh framleis fengsla på isolat – i svoltestreik sidan 17. oktober.

– Me følgjer saka kontinuerleg og kvart einaste bidrag, kvar einaste støtteerklæring for Nasrin i form av ein signatur eller eit bilete, hjelper. Det handlar om å vise at me har henne i tankane.

Kvifor er du interessert i menneskerettar i Iran?


– Eg vart først introdusert for menneskerettssituasjonen i Iran i 2008, då eg var 13. Eg las om avrettingar av mindreårige, og det engasjerte meg veldig. Drygt eit år seinare, i juni 2009, eskalerte regimet sine systematiske menneskerettsbrot, då Ahmadinejad vart attvald som president og protestar braut ut.

– Ein har òg sett ei auka grad av avrettingar og politiske fengslingar i Iran sidan den arabiske våren, som viser at styresmaktene ynskjer å avskrekka opposisjonelle krefter. Iran er eit veldig lukka regime og det som skremmer meg er at viss ein kan dokumentera så mange menneskerettsbrot – kva skjuler mørketala? spør ho.

– Sidan den gongen har eg utvikla eit stort iransk nettverk, som i stor grad består av eksiliranarar som engasjerer seg i situasjonen i heimlandet, trass i at slike aktivitetar kan gå utover attverande familie i Iran. Dei risikerer ekstremt mykje på å engasjera seg. Eg, med null tilknyting til Iran, har ikkje noko å tapa på å belyse og slå ned på den uretten.

LES OGSÅ: – Regimet fryktar dei unge

– Fantastisk
Kva tenkjer du om at det kom inn over 200 millionar kroner i TVaksjonen for nokre veker sidan?

– Det er fantastisk! Det er eit stort beløp som kjem til å strekkje langt i arbeidet for menneskerettar. Eg gjekk sjølv med bøsse og opplevde ein stor givarglede blant folk. Det var veldig varmande.

Trur du TVaksjonen kan setja bidra til at fleire blir engasjert og involverer seg i Amnesty kampen for menneskerettar på lengre sikt?

– Amnesty har jo vore på besøk til både ungdomsskular og vidaregåande skular, i samanheng med TV-aksjonen. Eg vart sjølv kjent med Amnesty gjennom skulen, då vi i 7. klasse vitja ei utstilling med temaet tortur. Det gjorde eit stort inntrykk på meg. Sjølv om ein skildrar ein vond og usensurert røyndom, så er det viktig for unge i dag å sjå at verda strekkjer seg utover vår demokratiske og komfortable boble. Menneskerettsbrot blir som oftast gjort av vaksne, men dei rammar ofte born. Difor har born og unge ein like stor plass i Amnesty og kampen for menneskerettar, som alle andre.

LES OGSÅ: Denne plakaten fornærmar Iran

– Gøy og lærerikt
Korleis kan andre ungdommar involvera seg i Amnesty og kampen for menneskerettar?

– I Bergen, Oslo og Stavanger er det etablert ungdomsgrupper, for unge mellom 13-18 år. Om ein bur på eit stad utan ungdomsgrupper, kan ein ta kontakt med regionskontoret, via epost eller telefon, og kan få masse hjelp til å mobilisera til å starta opp ei ny gruppe. To-tre klassekameratar er til dømes nok til å driva ei gruppe, men det er veldig gjevande å få nye medlemmar og bli kjent med andre menneske med ulike hjartesaker. Det er verkeleg gøy og lærerikt å jobba med menneskerettar.

Kvifor er kampen for menneskerettar viktig?


– Kampen for menneskerettar er viktig fordi menneskerettsbrot blir gjort av styresmakter i fleire land i verda i dag. Fattigdom, maktmisbruk, tortur, avrettingar og ikkje minst, klimaendringar, trugar menneskerettar. Viss ingen belyser desse problema, opplyser og skapar debatt – vil ingen kunne engasjera seg i det. Ingen vil setja press på styresmakter, og den som blir ramma av uretten vil stå åleine.

– Jo fleire som veit kva som skjer i verda, jo fleire vil engasjera seg, og dermed vil fleire få verna rettane sine og fridomen sin til å seia meininga si, til å kritisera og til å leva under verdige tilhøve.