Tek avstand frå ekstremisme

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det finst mange retningar innan islam, og når over 1,5 milliardar menneske i verda praktiserer denne religionen, er det klart det blir mange ulike tolkingar. 

– Det er som når ein skal gå til Vehuskjeringa: Det finst mange vegar opp, men ein kjem til det same målet, seier Abdi M. Ali, og legg til: 

– Valdeleg ekstremisme er ikkje ein rett veg å gå. Det er ikkje islam. 

LES OGSÅ: Fem tusen samla mot ekstremisme

Tek avstand 
Han og sju andre muslimar busett i Åmot er samla ved vaksenopplæringa denne ettermiddagen. Dei vil saman ta avstand mot det som skjer i stadig større grad rundt i verda: At grupper som Den islamske stat (IS) brukar terror, vald og drap på vegen mot målet, som er oppretting av statar som byggjer på deira tolking av koranen og islamske lovar (sharia). Alle som ikkje deler tolkinga deira er vantru, og må bekjempast. Videoar som viser halshoggingar og andre groteske handlingar har sjokkert og skapt frykt over heile verda dei siste månadene. 

– Dette har ikkje noko med islam å gjere. Islam er fredeleg, seier Safiyoh Oman Abdoh. 

Ho er opprørt og lei seg for det som skjer, og er redd for at andre skal tru at muslimar er slik. 
Nasib Ise Hanad er samd. 

– Eg kan ikkje orda som skal til for å beskrive dette forferdelege. Dei er kriminelle og sjuke menneske. Dei kan ikkje ha lært mykje om islam. Islam handlar jo om å vera god, seier Nasib og ristar på hovudet. 

LES OGSÅ: – Føler meg ikkje åleine

Kunnskap er middelet 
Den siste tida har det kome fram i media at stadig fleire unge nordmenn med innvandrarbakgrunn blir radikaliserte og rekrutterte til terrororganisasjonar. Al-Shabbaab i Somalia er truleg på vikande front, fortel somaliarane frå Åmot, medan andre organisasjonar veks, som IS. 

– Mange av dei er ungdommar som ikkje har det bra. Mange av dei blir hjernevaska når dei kjem i kontakt med desse miljøa, og det er enklare når ein er sårbar. Foreldre må vera vakne og ta kontakt med skule og helsevesen tidleg, seier Abdi. 
Han meiner det er viktig at barn og unge deltek i sunne fritidsaktivitetar. Det verkar førebyggjande mot kriminalitet og radikalisering. 
– Moskeane i byane må også vera ein stad for dialog, og imamane må vera på banen. Mange av dei fungerer slik i dag, og det er bra. Men i nokre få av moskeane og koranskulane blir det også drive hjernevask. Imamar må ha nok kunnskap om norske forhold og ikkje drive vranglære. Kunnskap er middelet mot radikalisering. Eg meiner staten må inn for å fylgje opp dette meir, seier Abdi. 
Nasir legg til at den skumlaste hjernevaskinga skjer gjennom internett og Youtube. 
– Dei tolkar koranen heilt feil, seier han. 
Muslimane i Åmot er glade for at nordmenn viser kunnskap og tek avstand frå terroren og valden, og viser forståing for at dette ikkje handlar om muslimar flest. 

LES OGSÅ: Dette er jihad

Når graset gror 
Det er over 20 år sidan Abdi kom til Vinje. Dei andre i rommet har kome dei siste få åra. 

– Me innvandrarar må vera flinke og prøve å klare oss i samfunnet. Gode tiltak for integrering er svært viktig, og båe partar har ansvar, seier Abdi. 

Språk, skulegang og jobb er heilt essensielt for vellukka integrering. Men også kulturforståing er blant det aller viktigaste. 

– Når ein kommune tek imot flyktningar, er det viktig å hugse at flyktningane treng mykje tid for å lære seg språket, kulturen og reglane. Det er to heilt ulike verder, seier Abdi. 

Som døme fortel han om den fyrste tida han budde i Vinje. Han syntest det var flott å sjå korleis plenen hans spira og grodde, kor mykje gras som kom. Han var jo vant til tørke. Kvar morgon kikka han nøgd ut på den frodige plenen sin. 

Naboen var ikkje like nøgd. Han syntest det var irriterande at Abdi og dei aldri kunne sjå til og få klypt den hersens plenen. 

– Eg visste jo ikkje at det var vanleg – at regelen er at ein skal klyppe plenen sin, smiler Abdi.

LES OGSÅ: Krev at Noreg tek imot fleire syrarar 

Ikkje nok med to dagar 
Poenget hans er at ein må respektere kvarandre, og erkjenne at ting tek tid. 

– Det er så mykje å lære seg: Språk. Likestilling. Demokrati. Det er ikkje slikt ein lærer på to dagar, seier Abdi. 

Dei største kommunane, som Oslo, treng fleire folk som kan fylgje opp dei som kjem til landet, meiner han. Hjelpe til å gjera overgangen betre, og auke forståinga. 

– Det er slik ein kan hindre at folk hamnar utanfor, og kanskje søkjer seg mot ekstreme grupper, seier Abdi. 

Brukarråd for flyktningar 
Vinje kommune har oppretta eit brukarråd for flyktningar. Gruppa består av to «gamle» og to nyare flyktningar i kommunen, integreringskoordinator Olaug Øverland, ein politikar, rektor i Åmot og sjef for vaksenopplæringa. 

Gruppa tek opp tema og problemstillingar som gjeld integrering. Rådets mandat er rådgjeving og informasjon til og frå kommunen og flyktningar som bur her. 

I eit møte i brukarrådet var ekstremisme og radikalisering oppe som tema. 

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad.