Venstre-politikarar meiner Kvinnherad er staden for å gjere transport på sjøen miljøvenleg.

Omstillinga til eit lågutsleppssamfunn må starte i dag, sa talsperson i Grøn Ungdom, Lage Nøst, til Framtida.no nyleg, og fekk støtte frå leiarane i KrFU og Unge Venstre.

Det grøne skiftet er allereie i gang, men staten må bli ein meir krevjande kunde, sa Hege Økland, leiar i Maritime Clean Tech West – ei næringsklynge som mellom anna arbeider med å utvikle miljøteknologi i maritim sektor, i Sunnhordland, Bergens- og Haugesundsregionen.

Venstre-politikarane Geir Angeltveit frå Stord og Kent Are Kjørsvik Petterson frå Kvinnherad meiner dei har planen klar for eit miljøløft av dimensjonar. Dei ønsker å få til eit pilotprosjekt med utsleppsfrie ferjer, basert i Kvinnherad og med teknologi frå Sunnhordland.

Ferjer på batteri eller hydrogen
Teknologien som gjer det mogleg å drive ferjer utan utslepp av CO2, NOx, svovel eller partiklar, finst allereie. Ved å la ferjene gå på anten reine batteriløysingar eller ein kombinasjon av batteri og brenselceller drivne av hydrogen, basert på fornybar energi, kan ein krysse fjordar utsleppsfritt.

LES OGSÅ: – Fornybart er ikkje berre reinliva

Ved å leggje til rette for utsleppsfrie ferjer i Hordaland, vil ein få på plass infrastruktur for hydrogen, skriv Venstre-politikarane i ei pressemelding. Det vil i sin tur gjere det meir attraktivt for resten av kystflåta å gå over til utsleppsfri framdrift, meiner dei.

– Leiande aktørar innan maritim sektor i Sunnhordland har spisskompetanse innan skipsdesign, gassdrivne skip og elkraft-løysingar. Desse deltek gjerne i diskusjon kring tekniske løysingar for å ta eit steg vidare mot ein meir miljøvenleg skipsfart, seier Angeltveit.

LES OGSÅ: – Omstillinga må starte i dag

Det er fire ferjestrekningar i Kvinnherad, som ligg nærare kvarandre enn andre ferjestrekningar i fylket.

– Vi har eit næringsområde klart i fjøresteinane rett i nærleiken av Søral. Dette kan vere ein utmerka stad for lokalisering av eit anlegg for produksjon av hydrogen, basert på fornybar energi, seier Petterson.

Han ser føre seg at eit slikt anlegg kan leggjast til Husnes. Der finst allereie infrastruktur på elkraftsida allereie, i tilknyting til aluminiumsverket. Dette er naudsynt for produksjon av hydrogen.

Politikarane må stille krav
Angeltveit og Petterson meiner at ferjene ved mange norske samband er klare for utskifting.

– Ferjematerialet i fjordane er gamle og utslitne, med stadige driftsproblem. Det er eit reelt behov for utskiftingar i ferjeflåta. Ei slik utskifting vil vere bra for miljøet, og vi kan få raskare ferjer, seier Angeltveit.

Leiaren i Maritime Clean Tech West, Hege Økland, har tidlegare streka under at næringslivet må vere med på laget for at den grøne omstillinga skal bli vellukka. Ho etterlyste tidlegare i september meir krevjande kundar.

– Industrien ønsker å bli stilt krav til. Det fungerte for oljeindustrien, men vi opplever at kundane ofte er lite krevjande når det kjem til miljøteknologi. Andelen miljøteknologi som vert kjøpt inn av staten er forsvinnande liten. Også som direkte eigar kan staten gjere meir, sa Økland.

Det same poenget kjem Venstre-politikar Angeltveit med:

– Det leverandørane no treng er krav og bestilling frå politikarane, slik at ein kan få teke i bruk ny teknologi og skapa ein ny marknad innan miljøteknologi, seier Angeltveit.

Petterson og Angeltveit ønskjer å få dette inn i Hordaland Venstres fylkestingsprogram i tilknyting til valet neste år. Dei er trygge på at Venstre er med, men håpar at andre lokalpolitikarar i Sunnhordland kan oppmoda sine fylkeslag til det same.

LES OGSÅ: – Viktige aktørar hindrar klimaavtale

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55
ANNONSE