Mysterie-skip funne etter 168 år

– Dette er verkeleg ein historisk augneblink for Canada, seier den canadiske statsministeren.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit av skipa til den engelske kontreadmiral sir John Franklin sin ulukksalege ekspedisjon i Nordvestpassasjen er no funne. Det melder den canadiske regjeringa. Ifølgje statsminister Stephen Harper er skipet viktig for den canadiske historia, då skipet la grunnlaget for det arktiske sjølvstendet til Canada.

Heile mannskapet på 128 mista livet i ekspedisjonen.

Amundsen var først
Med dei to skipa Erebus og Terror, tidlegare nytta i James Clark Ross sin fire år lange og svært vellykka Antarktis-ekspedisjon, drog Franklin og mannskapet på 128 mann, i veg for å ta seg gjennom dei siste uutforska delane av Nordvestpassasjen.

Det var Roald Amundsen som tidleg på 1900-talet skulle bli den fyrste til å finna sjøvegen frå Atlanterhavet til Stillehavet mellom øyane nord i Canada.

Ekspedisjonen til Franklin gjekk ikkje etter planen. Alt den fyrste vinteren, då dei slo leir på den aude Beechey Island, døydde tre menn.

Gravene til desse tre har sidan vorte funne, og lika undersøkte for å få klårleik i nokre av dei fyrste problema som råka ekspedisjonen. Kroppane viste seg å vera eksepsjonelt godt bevarte, av telen. Mellom dødsårsakene til kvartermeister John Shaw Torrington var lungebetennelse, tuberkulose og blyforgifting, truleg som ei fylgje av blyet i boksane matrasjonane på ekspedisjonen var pakka i. Den unge mannen vog under førti kilo då han døydde.

LES OGSÅ: Noreg manglar truverd i polområda

Kannibalisme?
I september 1846 vart begge skipa fanga i skruisen ved King William Island. I juli året etter døydde Franklin (bildet) sjølv, utan at noka redning var kome nærare for mannskapet hans. Etter å ha overvintra på nemnde øy, og allereie mist godt over tjue menn, byrja brorparten av dei attlevande i april 1848 å vandra sørover. Tappa for krefter, ramma av skøyrbuk, botulisme og alle dei lidingane Torrington hadde opplevd, kom dei aldri eingong nær sivilisasjonen.

Så vidt me veit døydde alle i isen, og sjølv om det vart upopulært i England, der Franklin og mennene hans hadde ei skyhøg stjerne, tyder beinfunn på at desperasjonen mot slutten dreiv sume av dei til kannibalisme.

LES MEIR: Tragedie og eventyr

Frå 1848 vart det gjennomført ei rekkje leiteaksjonar etter Franklin og mannskapet hans. Den engelske dronning Victoria utlova ein dusør på 20.000 pund for dei som fann skipa til den engelske kontreadmiralen.

Dagens canadiske statsminister Stephen Harper håpar gjennombrotet vil gi ny vind i segla for leitinga etter det siste skipet.

LES OGSÅ: Dei aller verste katastrofane

HMS Erebus og HMS Terror i New Zealand i 1841, slik John Wilson Carmichael såg det for seg. Foto: Wikipedia