Roboten plukkar sukkererter

Kor mange robotsystem treng du for å erstatte ein plukkar?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå kva roboten plukkar!

Han har arbeidd med robotar som kan hjelpe både astronautar i verdsrommet og rørslehemma heime på kjøkkenet. Men robotarmen som Martin Fodstad Stølen på Bioforsk Øst Apelsvoll har laga saman med Audun Korsæth og Krzysztof Kusnierek, skal i fyrste omgang hjelpe den som dyrkar sukkererter.

Plukkar døgnet rundt
I år har ein tidleg prototyp vore på Torbjørnrød Gård på Nøtterøy og plukka. – Det er godt å få med bonden sjølv på å sjå kva for ein retning utviklinga bør gå i, seier Stølen.

– Dei største sukkerertprodusentane i Noreg må leie inn 40 til 60 personar kvar sommar til å plukke. Robotar kan kanskje gjera det billegare, dei kan arbeide døgnet rundt, og det går an å reklamere med «urørt av menneskehender», forklarer han med eit smil.

Han byggjer robotar som er så små og billege at òg ein liten produsent kan utnytte teknologien. Ein stor produsent treng mange, mens den som er liten, klarar seg med ein eller to.

LES OGSÅ: Dette er ikkje eit menneske

Finn riktig belg
I fyrste omgang var problemet korleis robotarmen kunne lære kva den skal plukke: Kva er ein ertebelg, og kva er berre eit blad? – Vi har nokre algoritmar som kan brukast i kontrollert lys. Utfordringa kjem når lysforholda skifter, seier Martin Fodstad Stølen.

– Vi byrja med det enklaste og billegaste: Vi kjem eit stykke med berre eit kamera. Etter kvart skal vi utvide med heilt andre typar sensorar i tillegg, som til dømes eit djupnekamera for å hjelpe til.

Ute på åkeren har utfordringane vore å setja ei tomkasse på riktig plass, få roboten til å komma seg fram dit den skal og få ertene frå «handa» og ned i kassa.

– Vi har montert robotarmen på ein mobil base og sett korleis den kan sjå ut i framtida. Nå har vi ein robot som kan kjøre ute på jordet, og det gikk bra på eit jorde med mykje stein, slår Stølen fast.

Reknar på økonomi
I haust skal forskarane på Apelsvoll arbeide videre med å gjera roboten enda flinkare til å finne ertene, og med å gjera den mobile basen meir robust.

– Nå reknar vi på økonomien. Om du tenkjer deg at du skal redusere talet på manuelle plukkarar, så må vi finne ut kor mange robotsystem du treng for å erstatte ein plukkar. Plukkarane er jo lynraske. Ein robotarm blir kanskje ikkje like rask, men fordelen er at på roboten kan du montere fleire armar. Så gjeld det å halde prisen på kvar robot låg, seier han.

Om forskarane lukkast, så kan han òg tenkje seg robotar som er bygde slik at dei kan plukke fleire ulike vekstar om du berre byter ut nokre få delar. Da kan fleire produsentar som treng plukkarar til ulik tid, kanskje gå saman om å kjøpe robotane, og spara enda meir, trur Martin Fodstad Stølen.

Martin Fodstad Stølen har testa ut erteplukkar-roboten på Nøtterøy.