Gunnhild Helene Breiland (23) la optikarplanane på hylla og tok heller fatt på studiar i det ho eigentleg brenn for: Norsk matproduksjon. Også geiter, då.

Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad
Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad

Eit breitt smil kjem ut døra i det vesle tømmerhuset på Rismyr i Grungedal.

– Kom inn hit du, dette er budeiebustaden, seier Gunnhild frå Breilandsgrend i Høydalsmo.

Her har 23-åringen sommarjobb som avløysar. Tilfeldigvis – eller truleg ikkje – er det også her kjærasten Svein Olav Lien kjem frå. Foreldra hans, Heidi Hylland og Nils Ole Lien, er geitebønder på Rismyr. I fylgje Gunnhild er dei også «grueleg snille sjefar».

Gunnhild set kaffikjelen på bordet. Her er det kokekaffi som gjeld, trekt i ein kvit og raud kjele med Lotus-mønster. På bordet står ein bolle med ferskt bakverk frå Mjonøy. Å ha pendlarveg forbi bakeriet langs E134 er nesten litt skummelt, kan budeia fortelje.

At ho serverer lokalproduserte matvarer passar godt. Kanskje det er tilfeldig akkurat i dag, men lokal, berekraftig matproduksjon er noko ho brenn for. Og kva er meir berekraftig enn geitehald? Ikkje mykje, spør du Gunnhild, som neste år blir masterstudent i husdyrvitskap.

– Me bør vera sjølvforsynte
Då ho var 14-15 år gamal starta ho å arbeide som avløysar for geitebonde Gro Hommo i Øyfjell. Dermed var det eigentleg gjort. Geitene fekk med ein gong ein spesiell plass i hjartet til ungjenta, som sjølv var oppvaksen på gard med kyr og sauer.

– Geiter er sosiale og nysgjerrige dyr. Ein blir veldig glad i dei – utan at eg no skal høyrest ut som ei «crazy goat woman», ler Gunnhild.

Men ingen kan skulde henne for å vera ei galen geitedame. Tvert i mot, ho er reflektert og velstudert, og argumenterer ivrig for større satsing på geite- og sauehald i Noreg.

– Ein kan ikkje gå rundt og tru at me kan importere alt ting, når det er matmangel i verda. Verdas rikaste land bør vera sjølvforsynt – og det er mogleg. Ein må berre gjera det på ein annan måte enn i Brasil og USA, seier ho.

LES OGSÅ: Norsk matproduksjon viktigare enn nokonsinne

– Svin og kylling er ikkje berekraftig
Alt handlar om å bruke arealet på rette måten.

– Svin og kylling er vel og bra, dei brukar lite areal, men fôret dei et kjem frå andre sida av verda. Det er ikkje berekraftig, meiner Gunnhild.

Ho er difor oppteken av kor gode geitene er til å utnytte norske fôrressursar. Dei et kraftfôr dei òg, men i mykje mindre grad.

– Me må ikkje gjera oss avhengige av andre lands fôrressursar, som dei treng sjølve. Og då er drøvtyggjarane som et gras det aller beste, seier husdyrstudenten, og legg til:

– Svin og kylling skal liksom vera så sunt – og det er jo det – men ikkje når dei er fôra på soya og feitt. Eg synest det er eit paradoks at det står «Nyt Noreg» på kyllingfileten, når dei er fôra på soya frå Brasil.

Den globale matsituasjonen
Gunnhild, som no er i gang med siste året i bachelorgraden, har lyst til å skrive hovudoppgåva si om dette temaet: Kva burde ein satse på i Noreg for å utnytte ressursane i landet på best mogleg måte?

– Den globale matsituasjonen blir eit stadig større problem i takt med den enorme folkeveksten i verda. Det er så mykje u-utnytta areal i landet. Tokke har blitt eit skrekkeksempel, med mange tome gardar og jorde som gror att. Det treng ikkje vera slik, men politikken må endrast for å leggje til rette for det. Akkurat no er han på veg i heilt feil retning, seier ho.

LES OGSÅ: 2200 færre bønder får tilskot

Felles interesse: Geit
Me går ut på jordet, for den andre avløysaren er akkurat i ferd med å sleppe ut geitene etter mjølking. Det regner litt, og det likar ikkje geitene noko særleg. Den eigenrådige personlegdomen deira ligg tjukt utanpå når dei viser seg frå si minst samarbeidsviljuge side i regnvêret.

Svein Olav har nettopp svinga inn på tunet, og blir ståande og kikke på budeia si og alle geitene. Gliser breitt når ho må posere for fotografen.

Då dei to møttest fyrste gong, spurde han kva ho dreiv med. Då ho svara at ho var avløysar på geit, stivna han til og fekk eit forundra og rart uttrykk. «Papa driv med geit», fekk han sagt.

– Det var vel ikkje det som gjorde at det blei oss to etter kvart, men det var ikkje akkurat noko minus heller, flirer Gunnhild.

Draumen er å drive med geit ein gong. Kvar og korleis er framleis eit ope spørsmål, men helst i Vinje eller Tokke. Kanskje blir det Grungedal.

QUIZ:Kva veit du om norsk landbruk?

Må auke etterspurnaden
Å starte ny geitedrift er vanskeleg i Noreg. Nye geitemjølk-kvoter blir ikkje dela ut, ein må kjøpe eksisterande kvoter. Og det er ikkje akkurat nokon stor marknad for slikt.

– For at fleire skal kunne drive med geit, må etterspurnaden auke. Folk må eta meir Snøfrisk og chevre frå Haukeli. Og det er jo så godt, reklamerer Gunnhild.

Ein skulle hatt fleire prøveprosjekt for å finne nye bruksområde for både geitemjølk og geitekjøt, meiner ho. Fetaost, til dømes.

– Personleg synest eg også at kjekjøt er minst like godt som lammekjøt. Det finst geiterasar avla til kjøtproduksjon. Ein må ikkje blande inn dei i mjølkegeitrasen, men kanskje drive med det i tillegg.

Geitemjølk har dessutan større helsegevinst enn kumjølk, kan ho fortelje.

– Tine er flinke, men kan bli endå flinkare til å marknadsføre geitemjølksprodukta Snøfrisk og chevre.

Blei aldri optikar
Gunnhild er ein god ambassadør og talsperson. Det var Gro Hommo som i si tid pensa henne inn på tanken om studieretninga ho no har valt. Eit halvår på optikarstudiar var nok til å slå fast at det ikkje var det ho skulle bli. «Du skal ikkje ta studiar i husdyrvitskap, då», føreslo Hommo. Det viste seg å vera heilt rett.

– Det er eit felt der ein treng mykje kompetanse framover. Me treng jo mat i framtida, òg, seier ho.

Jobbmoglegheitene er varierte med ein slik bakgrunn. Landbruksetaten i kommunane, Norsk sau og geit, Tine og Gilde er alle arbeidsplassar ho kan tenkje seg å arbeide som rådgjevar eller anna når ho er ferdig med masterstudiane om litt under tre år.

– Det einaste negative med studiet er at me er få som tek det. Fleire burde søkje seg dit, det er eit veldig viktig, interessant og nyttig studium, seier Gunnhild – meir enn klar for å ta fatt på nok eit semester på Ås.

Og kven veit – kanskje etter kvart bli geitebonde i Vinje.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE