Kan biene løysa antibiotika-krisa?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

ScienceAlert skriv i dag om forskarane ved Lunds Universitet i Sverige som har funne ein bakterie i honningmagen til bier som kurerte kroniske sår hos hestar.

Det er vanskeleg å forklara nøyaktig korleis det fungerer utan at det blir for avansert. Kort oppsummert har bakteriane som forskarane fann ein del av dei same antimikrobielle eigenskapane som antibiotika har – faktisk har folk brukt råhonning mot infeksjonar i lang tid, utan at nokon heilt veit kvifor.

I botn av saka kan du sjå video frå Lunds Universitet som forklarar oppdaginga. Du kan og lesa meir om oppdaginga på deira heimesider.

LES OGSÅ: Leiter på ekstreme stader etter nye antibiotika-håp

Forsvinn på veg til butikken
Denne oppdaginga betyr ikkje at du kan hoppa over legevakta neste gong du får ein infeksjon og heller smørja litt honning frå butikken utover såret til det går over. For det første er oppdaginga berre lovande, men det er ein lang veg fram til det kanskje kjem ein antibiotika-erstatning basert på honning.

LES OGSÅ:Difor forsvinn biene

Dessutan døyr desse bakteriane i prosessen honningen går gjennom før den når butikken. På

Her kan du sjå videoen frå Lunds Universitet:

Video: Lunds Universitet

LES OGSÅ: – Stikk på pungen er ikkje verst