Nasjonale prøvar for studentar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I eit pilotprosjekt skal nokre profesjonsutdanningar få nasjonale prøvar – eller deleksamenar – i matematikk frå 2015, melder Aftenposten.

Sjukepleier-, ingeniør- og lærarutdanningar er aktuelle for prosjektet, som tek sikte på å måle nivået på utdanningane ved dei ulike lærestadene.

Skuleelevar over heile landet får årleg bryna seg på dei same oppgåvene i dei nasjonale prøvane. Noko tilsvarande ordning finst ikkje for studentar i høgare utdanning. Der er det lærestadene sjølv som lager eksamensoppgåvene.

– Me har i dag ingen måtar å samanlikne institusjon A og B på. Ein nasjonal deleksamen vil vere lik for alle og kan gje veldig verdfull informasjon om det faglege nivået ved institusjonen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til Aftenposten.

LES OGSÅ: Får ikkje utbyte av nasjonale prøvar

For dårlig faglig standard
I fjor slo ein rapport frå Senter for økonomiske studiar fast at karakterpraksisen ved norske studiestader varierer stort. Studentane sine karakterar gjev difor ikkje arbeidsgjevarar tilstrekkeleg informasjon om kva nivå dei ligg på.

– Me gjer dette fordi me mistenkjer at det er for store kvalitetsforskjellar mellom studiestader i Noreg og at den faglege standarden ikkje er god nok. Til dømes får 2/3 av studentane karakteren C eller betre, og gjennomsnittsstudenten nyttar under 30 timer i veka på studiane, seier Røe Isaksen.

Detaljane rundt dei nye prøvane er ikkje klare, men det er NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) som har fått oppdraget.

LES OGSÅ: Studerer lite – får gode karakterar

Studentskepsis
Leiar i Norsk studentorganisasjon Anders Kvernmo Langset er skeptisk til ordninga.

– Me stiller spørsmål ved om dette er det beste verkemiddelet for å betre utdanningskvaliteten, seier han til Aftenposten, og legg til:

– Fritt val av pensum er eit viktig prinsipp. Når det er opp til det enkelte fagmiljø og institusjon å velje pensum, er det vanskeleg å måle det på ein nasjonal standard.