Det er greitt å innrømma at du ikkje heilt veit kva du driv med før du skal kjøpa bustad for første gong. Slapp av – me er her for å hjelpa.

Faktaboks

Forbrukarøkonom Silje Sandmæl sine seks råd for bustadkjøp:

1. Sørg for at du startar å spara tidleg, slik at du har 15 prosent eigenkapital

2. Skaff deg eit finansieringsbevis

3. Finn ut kva som er viktig for deg

4. Sjekk bustaden grundig

5. Sett deg eit tak i budrunden

6. Hald hovudet kaldt

LES FAKTALUKK FAKTA

Det er trass alt ei stor investering – kanskje den største i livet ditt. Og imellom lånet, eigenkapitalen, budrundar og fellesgjeld er det mykje å snubla i. Det blir ikkje lettare av tanken om at dersom du snublar, då kan du verkeleg gå på trynet med gjeld oppetter øyrene.

LES OGSÅ: Aukande skilnad i bustadmarknaden

Seks råd
Men holdt hovudet kaldt – eit faktisk råd frå banken – me kan gjera deg litt meir budd på den store investeringa.

Og med «me» meiner eg sjølvsagt banken – i dette tilfellet Silje Sandmæl frå DNB. Ho har seks råd for kva du må tenka på:

1. Sørg for at du startar å spara tidleg, slik at du har 15 prosent eigenkapital

2. Skaff deg eit finansieringsbevis

3. Finn ut kva som er viktig for deg

4. Sjekk bustaden grundig

5. Sett deg eit tak i budrunden

6. Hald hovudet kaldt

Den vanskelege eigenkapitalen
Du har nok registrert at for å få bustadlån, treng du no 15 prosent eigenkapital. Den regelen vart innført i 2010 og har fått mykje kritikk, mellom anna for å gjera det endå vanskelegare å komma seg inn på bustadmarknaden for unge, om ein kjem seint i gang med sparinga.

Det beste er sjølvsagt å spara tidleg – har du 15 prosent av lånet du vil ta opp i eigenkapital, er mykje gjort. Det finst og vegar rundt – det kan gjerast unntak om du til dømes har ein kausjonist (les; foreldra dine).

Men det luraste er altså å spara, som Silje Sandmæl seier.

LES OGSÅ: – Legg opp til sterk sentralisering

Kva er eit finansieringsbevis?
Det andre punktet på lista over råd frå banken, er å skaffa seg eit finansieringsbevis. Ikkje berre er det eit råd – det er faktisk heilt naudsynt.

Det viser kor mykje du kan låna i banken, og med det kor høgt budet ditt kan vera når du kjem så langt.

– Finansieringsbeviset gir deg ramma for nytt bustadkjøp, seier Sandmæl. – Då veit du kor langt du kan gå i ein budrunde, kor mykje eigenkapital eller anna sikkerheit du må ha, og kor mykje lånet vil kosta, held ho fram.

Finansieringsbeviset varar i tre månader, før det kan fornyast. Har du det på plass, er det på tide å sjå etter kva bustad du faktisk vil kjøpa.

Kvar vil du bu?
Det er ikkje berre økonomien du bør tenka på, du bør og tenka på kva som er viktig for deg. Det er mange bustader til sals, og det er greit å luka ut dei som fyller kriteria dine, seier Sandmæl.

Ho anbefalar å skriva ei liste over kva som betyr noko for deg, der du blant anna ser for deg kor lenge du vil bu i bustaden du kjøper, og kvar du ser deg sjølv om 10 år.

Og det neste punktet her, er kanskje ekstra viktig:

– Når du er på visning er det viktig å sjekka bustaden grundig. Les salsoppgåve, takst og eigenerklæring nøye. Ikkje ver redd for å stilla spørsmål, seier Sandmæl.

Har du ein ven som har vore gjennom dette før? Det kan vera lurt å ta han eller ho med, for å hjelpa deg.

Å legga inn bud
Har du funne ut kvar du vil bu no? Er du heilt sikker?

– Hald deg kald, ikkje by om du ikkje er 100 prosent sikker på at du vil bu der. Om magekjensla gir deg det minste hint om at dette kanskje er heilt feil bustad for deg, lytt til den, seier Sandmæl.

Men er du sikker, så er du sikker. No kan du legga inn bud. Då er det nokre ting du må hugsa på. Det er ikkje berre å kasta alt du har på ein meglar og håpa på det beste.

– Sett deg ei øvre grense for kva du vil gi før du byr. Hugs at oppussing kostar, meir enn du ofte trur, fortel Sandmæl, og legg til at omkostingar og fellesgjeld kjem på toppen. Legg med andre ord det inn i reknestykket.

LES OGSÅ:Folk flest vil bu i ein liten by

Is i magen heile vegen
Hugs og at du bør by litt mindre enn maksbudet ditt, så du kan gå opp etter kvart. Her er det eit par reglar du må hugsa på.

Som til dømes at det kom nye reglar i år om at bud må leverast skriftleg. Det gjeld og høgning av bud, samt å akseptera eller avslå bud. Det treng ikkje å gjera det vanskeleg, for eigedomsmeklarar har som oftast gode løysingar på dette. Så har du lagt inn det første budet ditt.

– Første bud skal alltid stå til klokka 12 dagen etter visning, etter det kan fristane bli kortare og kortare. Det kan vera nervepirrande, så hugs maksgrensa di, anbefalar Sandmæl.
Ho tipsar og om at du ikkje skal visa finansieringsbeviset ditt til meklaren – lat heller meklaren ringa banken og sjekka sjølv om du er god for budet du gir. Det er ikkje for å legga meir arbeid i hendene på eigedomsmeklaren, men for at han eller ho ikkje skal vita nøyaktig kor mykje du har å gå på.

Og heilt til slutt – hugs at bud er juridisk bindande. Sandmæl anbefalar å venta til ein bustad er selt og ditt eige bud er gått ut på dato før du byr på noko nytt. Is i magen er med andre ord eit stikkord, nok ein gong.

LES OGSÅ: Kjøper million-leiligheiter til barna

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE