Angrepille vert brukt som prevensjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Angrepille brukt som prevensjon

Undersøkinga er gjort blant 1.200 norske, svenske og danske kvinner i aldersgruppa, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: Færre tenåringsabortar

– Urovekkjande
Ein tredel av deltakarane var norske kvinner mellom 18 og 30 år. Blant dei eldste har meir enn halvparten tatt angrepille meir enn ein gong.

70 prosent av kvinnene som vil unngå å bli gravide svarte at dei brukar kortvarig prevensjon, som p-piller. Berre halvparten av desse svarte at dei nyttar prevensjonen som føreskriven. Kvinnene oppgir først og fremst gløymsle som årsak.

52 prosent av dei norske kvinnene i undersøkinga oppgav at dei har tatt angrepille for å unngå graviditet. Blant kvinnene mellom 18 og 21 år, har 54 prosent tatt angrepille meir enn ein gong.

– Det er urovekkjande, for det er ikkje den måten angrepilla skal brukast. Ho skal brukast som nødprevensjon og ikkje som vanleg prevensjon, seier helsepolitisk talskvinne for Senterpartiet, Kjersti Toppe til avisa.

LES OGSÅ: Vil ha gratis spiral til alle under 25

Nødvendig angrepille
Leiar av Norsk foreining for allmennmedisin, Marit Hermansen seier undersøkinga viser at lett tilgjengeleg angrepille er viktig og nødvendig, og at ho viser veikskapen til p-pilla, som er at ho kan gløymast.

Undersøkinga er utført av Userneeds i Danmark på oppdrag frå Bayer Healthcare, Scandinavia. (©NPK)