Høie: 200 millionar til skulehelsetenesta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lovar 200 mill til skulehelsetenesta

Under den årlege kongressen til Norsk Psykologforening sa Høie at regjeringa vil gjere skulehelsetenesta betre og meir tilgjengeleg for dei unge, skriv Dagens Medisin.

LES OGSÅ: Store forskjellar i helsetilbodet

Doblar summen
– Unge seier til meg at dei ikkje finn seg til rette i helsetenesta. Vi vil sjå problema deira med nye auge, lovde helseminister Bent Høie (H).

– Dei 200 millionane kjem til å bli fordelte på kommunane, ikkje i den ordinære fordelinga, men ut frå ungdomskriterium for dei kommunane som har mange unge, seier helseministeren til avisa.

Dette betyr at Høie vil nytte dobbelt så mykje på skulehelsetenesta i det komande statsbudsjettet, i forhold til løyvingane i år.

LES OGSÅ: Halvparten gjekk til helsesøster

– Viktig å investere i dei unge
President Tor Levin Hofgaard i Psykologforeininga meiner løyvinga til skulehelsetenesta er ei rett prioritering.

– Det er svært viktig at Bent Høie som helseminister signaliserer at han vil satse på dei unge. Det å investere i dei unge er det viktigaste vi kan gjere, og det som gir mest igjen for samfunnet, seier han. (©NPK)