1 av 10 jenter har opplevd overgrep

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny rapport frå UNICEF, Hidden in Plain Sight, syner at svært mange barn i verda opplever fysisk, seksuell eller emosjonell vald. Rapporten, som byggjer på data frå 190 land, er den største om vald mot barn nokon gong.

6 av 10 fysisk straffa
Rapporten syner at barn ofte vert utsett for vald der dei skulle ha vore trygge – i lokalsamfunnet, heime, på skulen og på Internett.

Eit av funna er at ein femdel av drapsoffera i verda er under 20 år. Drap er den leiande dødsårsaka blant gutar mellom 10 og 19 år i land som Panama, Venezuela, El Salvador, Trinidad og Tobago, Brasil, Guatemala og Colombia. Blant land i Nord-Amerika og Europa toppar USA lista over høgast barnedrapsrate.

LES OGSÅ: Krev betre vilkår for asylborna

Drap er ein ekstrem form for vald, og langt fleire barn opplever vald i form av disiplinering. I snitt vert 6 av 10 barn mellom 2 og 14 år jamleg fysisk straffa av sine omsorgspersonar.  

Dei høge tala strir mot det vaksne oppgjev om sine haldningar til fysisk straff. Berre éin av tre vaksne i verda meiner at fysisk straff er ein naudsynt del av barneoppseding, ifølgje rapporten.

Éin av ti seksuelt misbrukt
Eit anna funn er at litt over kvar tiande jente i verda har opplevd valdtekt, eller andre former for seksuelle overgrep.

Jenter i nokre deler av verda er meir utsette enn andre. Til dømes er tala høge i 13 av dei 18 landa i Afrika sør for Sahara, medan dei er lågare i Sentral- og Aust-Europa.

Dei fleste jentene opplevde overgrep for første gong då dei var mellom 15 og 19 år, men ein stor del opplevde også seksuell vald tidlegare. Dei langt vanlegaste overgriparane er ektemenn, partnarar og kjærastar. I mange land er også overgriparen ofte å finne blant bekjente og vener.

LES OGSÅ: Uroa for sårbare Oslo-barn

Menn opplever også seksualisert vald, men i mindre grad, ifølgje data frå fire land. I Mosambik svara til dømes tre prosent av gutane og ni prosent av jentene at dei hadde opplevd seksuelle overgrep. Også majoriteten av gutane hadde vore utsatt for seksualisert vald for første gong då dei var mellom 15 og 19 år, og dei vanlegaste overgriparane var noverande eller tidlegare partnarar.

Også i høginntekstland opplever barn og unge seksualisert vald. Ei sveitsisk undersøking syner til dømes at 22 prosent av jentene og 8 prosent av gutane mellom 15 og 17 år har opplevd seksuelle overgrep. I USA hadde 35 prosent av jentene og 20 prosent av gutane mellom 14 og 17 år opplevd seksuell vald.

Mange meiner partnarvald er greit i nokre tilfelle
I eit forsøk på å forklare at seksualisert vald er så utbreidd, vart informantar i austlege Karibia spurt om dei trudde at negative haldningar blant menn til kvinner var ei årsak til misbruk av barn. Dei fleste respondentane var anten ueinige (60 prosent) eller usikre på dette (27 prosent).

LES OGSÅ: Dei viktigaste menneska

Samstundes meinte 77 prosent at måten jentene kler seg på tiltrekkjer seksuell merksemje frå menn. Rapporten konkluderer dermed med at noko av skulda vert lagt på offeret i denne regionen. I til dømes Kina, Nigeria og Noreg meinte derimot ein overvekt av respondentane at offeret ikkje hadde noko skuld.

Andre studiar som ligg til grunn for rapporten, syner at nær halvparten av jenter mellom 15 og 19 år verda over meiner at ein ektemann eller partnar nokre gongar har rett til å slå partnaren sin. Også blant unge gutar er haldningar som støttar vald mot kone eller partnar utbreidd.

Eit felles ansvar
I rapporten vert det streka under at fleirtalet av offera held overgrepa hemmelege og at få søker hjelp. Mange av respondentane forklara dette med at dei ikkje innsåg at det dei hadde opplevd var vald, eller at dei ikkje såg på misbruk som eit problem.

Vald mot barn held altså fram med å vere sosialt akseptert, eller stilltiande tolerert, i mange land.

– Vald mot barn er omfattande, men ikkje uunngåeleg. Det er eit felles ansvar å gjere slutt på valden, heiter det i rapporten.

Dette er den mest omfattande undersøkinga som er gjort på vald mot barn nokon gong.

– Å sørgje for at alle former for vald vert anerkjent som fundamentale brot på barns menneskerettar er det første steget mot å gjere slutt på valden, heiter det i rapporten.

LES OGSÅ: Kneblar studentar med vald