Kritisk til mobbeprogram

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka sparka statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i gang årets kampanje mot mobbing.

Kampanjen har fått tittelen «Manifest mot mobbing – Vaksne skaper vennskap». Fokuset i år er digital mobbing og oppmodinga til dei vaksne er å logge seg på borna sitt liv.

Men ikkje alle trur at statsministervitjing og Youtube-filmar er det som skal til for å nå nullvisjonen for mobbing.

LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett

– Programma har liten effekt
Forfattar og pedagog Jostein Alberti-Espenes er kritisk og meiner dei store summane som har vore brukt på statlege mobbeprogram dei siste 13 åra, heller burde vore brukt på å styrka skulen.

– Desse programma har liten effekt. Om skulen der programma vert teke i bruk er ein god skule frå før av, altså at rektor og lærarar er dyktige, kan ein gjerne seie at programma har fungert. Men då er det først og fremst skulen som har gjort ein god jobb. Det er skulen som fungerer, ikkje programma, seier Alberti-Espenes til NRK.no.

I Elevundersøkinga, som vart presentert tidlegare i år, kom det fram at det er store forskjellar i mobbetala på norske skular. 

Elvetun skule i Troms kom dårlegast ut. Der svara heile 40 prosent av sjuandeklassingane at dei vart mobba fleire gongar i månaden.

Seniorrådgjeravar i Barneombodet, Janicke Sæther Olsen, uttrykte ovanfor Framtida uro over at enkelte skular bagatelliserer mobbing.

I mai fekk Høyanger kommune, som den fyrste i landet, ei bot på 100.000 kroner for å ikkje ha gjort nok for å hindra mobbing.


Statsministeren med ei gruppe elevar ved Bjørnsletta skole i Oslo under lanseringa av årets «Manifest mot mobbing». Foto: Heidi M. Skjebstad/ Utdanningsetaten Oslo kommune, Flickr

Suksessoppskrift
Tidlegare i år vitja Framtida Aurland barne- og ungdomsskule, der ingen av dei spurte elevane sa at dei vart mobba, ifølgje den store Elevundersøkinga.

Oppskrifta er ifølgje den vesle skulen: førebygging, god trivsel og eit godt system for å handtere problem.

– Me er veldig på hogget når det oppstår ting. Eg plar seie det at me kan aldri garantere at det ikkje oppstår mobbing, eller tendensar til mobbing. Det eg kan garantere er at me tek det på ramme alvor, sa rektor Odd Mikalsen til Framtida.

I tillegg har skulen berre 159 elevar, noko som gjev dei vaksne eit godt overblikk.

LES OGSÅ: Nakenbilde og mobbing på Snapchat

Andre kampanjar?
Sjølv kunnskapsministeren ser ikkje dei store resultata av mange års kampanjar, og vil no evaluere tiltaka.

– Me veit at mobbetala er skyhøge sjølv etter mange kampanjar. Me skal no gå gjennom antimobbepolitikken for å sjå om me kan gjere ting på ein annan måte. Kanskje kan me finansiere andre typer kampanjar òg, seier Røe Isaksen til NRK.

Pedagog Alberti-Espenes på si side, har slett ikkje tru på at kampanjar er løysinga.

– Det er rett og slett den gamle pedagogikken som må til. Å byggje relasjonar til ungane og få ein god struktur i klasserommet. Det handlar om å vere tydelege og omsorgsfulle vaksne i skulen, seier han.

Sjå årets kampanjevideo under:

Voksne skaper vennskap – på nett from Utdanningsdirektoratet on Vimeo.