Fare; varseltrekant!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På flukt i kunsten

– Men kor skal faretrekanten stå, då?

Shwan Dler Qaradaki tok teoriprøven denne føremiddagen. Det gjekk strålande fram til spørsmålet om raude varselstrekantar. Då stokka det seg for kurdaren, og han svarte feil, og strauk.

– Du veit at du kan prøve igjen?

– Ja, men eg må vente i to veker!

Å vente er av dei tinga som Noreg har lært flyktningen, som vandra til fots frå Suleimani til Europa for snart ti år sidan. Norskspråket, og ein mastergrad i kunstfag frå Kunsthøgskolen i Oslo, Khio, er anna som han har tatt til seg her. Mens han har venta på behandling av asylsøknaden sin, har han dessutan gjennomført eit eittårig kunstnarstipend for Skien Kommune, med påfølgande separatutstilling. Han viste tre halvtimeslange animasjonsfilmar som han har laga sjølv. Dei handlar om barndommen i Suleimani; om frykta mens brørne var i krigar, når familien måtte flykte frå angrep frå Saddam Hussein, og dei årlege vandringane til Iran etter ulovlege men relativt godt betalte sommarjobbar. Og ikkje minst – om fotturen over fjella til Europa, og turen vidare til Oslo. Å vente var ganske ukjent for Shwan før han kom hit. Men under tida i Skien fekk han opphald. No har han månadsløn som kunstnar frå Statens Kunstnarstipend, og sitt sjølv i komitear som fordeler kunstpengar.


My father – frå Salte kyss 2.

«Framfor døden»
Shwan er fødd i Suleimania i irakiske Kurdistan i 1977. Hans far var politi, og politisk aktiv i Kurdistan Democratic Party. Dei kjempa for kurdisk sjølvstende, og fridom frå Saddamregimet. Shwans mellomnamn Dler betyr «modig», veslebrors namn Shorsh «revolusjon», og veslesøster fekk kort og godt namnet Kurdistan.

I 1982, var Shwan fem. Han er midt i ein søskenflokk på ti, og bur mellom Iran og Irak. Mellom krigar veks han opp, mellom Golfkrigen, borgarkrigar, Irankrigen. Eldstebror Jamal er geriljasoldat i fjella. «Peshmerga», som soldatane blei kalte, betyr «framfor døden». Ikkje lenger etterpå blir eldstebror Kamal tvunge inn i hæren til diktatoren Saddam Hussein. Dei trur Kamal er daud. Mamma Qaradaki syng Shwan i svevn med sørgjesongar. Flyalarmar vekker dei midt på natta, og jagar dei til bomberom. Shwan har ikkje ein særleg lys og lett barndom. Men når eg møter han på restauranten Grisen i Oslo, og når vi ser over menyen, er gliset hans breiare enn tannrekka. På trass av at han strauk til teoriprøven. Han kjem i hug middagen med dama frå i går.

– Kjærasten min lagde baklava i går. Heilt frå botnen av. Faen, eg er så glad i søtt, ler han. Eg spør han, som er muslim, om han finn noko han kan ete her på Grisen.

– Ja, herregud, eg er ikkje så streng, seier han.

– Eg er ikkje religiøs. Men eg følgjer ein del av tradisjonane. Med svinekjøtt og slikt. Eg er muslim på den måten som mange i Noreg er kristne, fortel Shwan, og bestiller ei øl mens vi ventar på maten. Vi er berre nokre minutt å gå frå atelieret hans på Sagene. Der jobbar han i sin umiskjennelege form for biletkunst: foto og anna faktisk og dokumentarisk materiale, som han gjer om på med måling. Han strekar opp, fargar over. Tema er krigen, og forteljingane henta frå livet til han og familien hans. Og med målinga og teikninga tar han på mange måtar eigendom over livshistoria si.

– Vi er i ein posisjon i dag der vi kan setje oss ned og hugse. Kva gjer minner med oss? Det er noko av det eg ser på som kunstnar, seier han.


Salte kyss 2.

«Salte kyss»
Shwan er ein av mange flyktningar i Noreg som har sett og erfart sterke og dramatiske ting. Men ulikt mange andre, hadde Shwan verktøya til å formidle historiene sine. Også til nordmenn. Også før han kunne norsk. Visuell kommunikasjon har blitt eit av dei mange språka Shwan kan flytande. Han har samla stillbilde saman til narrativ. Filmen «Salte kyss» gjorde han som kunststudent i Oslo i 2009. Han lagde oppfølgjarar i åra etter. Med dei tre filmane har han reist rundt til vidaregåande skular frå Svalbard i nord, til heilt sør i landet. Han har fått merksemd frå media, men har fleire gongar stoppa journalistar som går for hardt ut.

Men han framstår som ein veldig open kar, ein som har sortert mykje, og har perspektiv på ting i livet sitt. Kan eg spørje han om det å tru at Kamal var daud, om det å møte Kamal, og skjønne at han faktisk lever? Om det å miste ein kamerat i elva, då dei flykta frå Suleimani til Noreg? Om det å bu i Noreg og vere på jobb på Kafe 33 då telefonen kom, om at faren hadde gått bort?

– Ja! Eg seier ifrå når det blir for mykje, seier Shwan.

Å gå eller vente?
– Krig, flykt, trugslar, frykta for at familie er daud, og det å vere i Oslo når ting skjer med familien din heime i Kurdistan: Korleis klarar du alt?

– Å ikkje kunne gjere noko er vanskeleg. Å få lov til å handle gjer krisene lettare. Det å flykte og gå, å leite og hjelpe til, det har vore mindre traumatisk enn passive ventetider, seier Shwan, som opplevde usikkerheit i Oslo, mens han venta på behandling av asylsøknaden. Usikkerheit var det også mens han gjekk til Oslo. Han fekk ein del adrenalin ut av kroppen med å vandre. Men likevel:

– Eg sakna foreldra mine så mykje at det verka i hjartet mitt. Det var det mest vanskelege ved alt dette: Eg kunne tåle svolten, kunne tvinge meg til å halde fram vandringa. Men eg var prega av å vere langt frå foreldra mine, og ikkje vite kva som hadde skjedd med dei og veslebror min skar gjennom marg og bein. Eg såg føre meg korleis soldatane kom inn i huset vårt og drap foreldra mine. Gud, kvifor skjer dette med oss, tenkte eg.

Kvifor er verda urettvis? Spørsmålet er så likefram og så ofte gyldig, at eg knapt vil ta det i munnen. Shwan Dler Qaradaki framstår forsona med mange hendingar. Kunstverka hans fortel faktiske og forferdelege historier i ein ofte lys, kjærleg, humoristisk eller vakker form.

– I arbeidet med Salte Kyss – filmane har eg vore oppteken av ikkje å søkje medkjensle. Mange har opplevd verre ting enn meg.

– Men du har verktøya til å fortelje om tinga. Kva vil du med filmane dine?

– Eg vil gjere verda til ein litt betre stad å vere i.

 Og frå no av veit Shwan at varseltrekanten, ifølgje norsk veglov, skal stå minst 150 før køyretøyet som har hatt ulykke.