Kor viktig er det å halda seg nøytral i konflikta mellom Israel og Palestina?

Nora Haaland Serigstad
Nora Haaland Serigstad

Kommentaren var først på trykk hos Under Dusken.

Etter ein månad med det israelske militæret sin operasjon «Protective edge», er det i skrivande stund våpenkvile i Gaza. Samstundes syner tal frå FN at over 1800 menneske har mista livet, og at opp til ein halv million menneske er internt fordrivne. Stadig fleire er samde om at krigen er ein humanitær katastrofe, heller enn eit sivilisert demokrati som forsvarer seg mot terroristar, slik staten Israel og deira vener hevdar.

Trass i at fleire får kjennskap til skeivskapen i konflikten og viser solidaritet for dei sivile ofra, er det ikkje alle som torer ta vidare stilling. Mange tyr til «nøytralitet» framfor å meine noko. Men korleis kan ein vere nøytral når ein ikkje har to likeverdige partar – nemleg ein okkupant og ein okkupert? Og, kanskje viktigare, kjem ein nokon veg med ein slik «nøytralitet»?

LES OGSÅ: Ordkrigen om Gaza

Israel skuldar på Hamas for dei dårlege humanitære forholda på Gaza; det er Hamas som har vald å bruke ressursar på rakettar i staden for infrastruktur, skular og helsevesen. Men kan ein verkeleg skulde Hamas for å ikkje bygge skular når byggemateriale ikkje kjem inn til Gaza?

Sjølv om det israelske militæret trakk seg ut av Gaza i 2005, beheldt Israel kontrollen over grensene, luftrommet, kystlina, infrastrukturen, straumen, importen og eksporten til Gaza. I seinare krigar har hus, fabrikkar og kraftverk blitt bomba av Israel, men det har aldri vore moglegheit til å bygge opp att. I denne krigen blir òg FN-skular og sjukehus gjorte til militære mål. Israel har fråteke menneska på Gaza sjølvråderetten, avgrensa kor langtfiskarar kan røre seg til snaue 3 nautiske mil frå kysten, stengt grensene, gjort import og eksport nærast umogleg, og held nå på å ete opp over 40 % av landområda til ein såkalla militær buffersone. 

LES OGSÅ: Den evige jakta på Raude Khmer

At menneske tyr til ekstremisme under slike forhold er forståeleg, om enn ikkje mogleg å forsvare. Hamas er slik eit produkt av den israelske blokaden av Gaza, og det er ikkje bombing og forverring av humanitære forhold på Gaza som kjem til å svekke Hamas.

LES OGSÅ:Augevitne på Vestbreidda

Det å ta side i konflikten handlar ikkje i hovudsak om å ta side med anten palestinarane eller israelarane. Det handlar om å kjempe for universelle menneskerettar. Det palestinarane fyrst og fremst manglar er rettar. Rett til å råde over eigne liv, rett til å ikkje bli fengsla utan dom, rett til utdanning og helsehjelp. Ei våpenkvile trengst, men ein må òg leggje press på staten Israel til å oppheve blokaden av Gaza og okkupasjonen av Vestbredden, og slik tillate palestinarane dei same rettane som Israel tillet sitt eige folk. Det er enkelt å fordømme drap på sivile, det er vanskelegare å opne augene for den meir komplekse situasjonen som er årsak til den akutte krisa.

For at menneska som lever her skal få varig fred må ein ta tak i årsaksforholda, og leggje press på den sterkaste parten. «Nøytralitet» vil berre tillate den sterkaste parten å fortsetje og dure på med sin diskriminerande politikk, og vil ikkje føre til nokon løysing.

LES OGSÅ: Kva er eigentleg IS?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE