– Identitet ikkje avhengig av kommunegrenser

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Identiteten vår er knytt til kvar vi bur og det som ligg der, som til dømes idrettslaget. Han er ikkje avhengig av administrative grenser. Denne reforma handlar om å tilpasse dei administrative grensene, slik at velferdstilbodet til innbyggjarane blir best mogleg i framtida, sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) då han besøkte eit felles møte i kommunestyra i Volda og Ørsta i Aasen-tunet tysdag.

Han viste til døme frå tidlegare samanslåingar (som Re i Vestfold), der folk har knytt identiteten sin til den nye kommunen etter samanslåinga.

LES OGSÅ: Førde vil bli nynorskbyen

Roste ordførarane
Sanner framheva at eit breitt fleirtal i Stortinget stiller seg bak kommunereforma, og at Regjeringa har tilpassa seg på fleire punkt for å sikre fleirtalet. Han roste også ordførarane i Volda og Ørsta for å vere framoverlente til no i reformprosessen.

Han var heilt klar på at ei kommunereform er naudsynt.

– Då den førre reforma vart gjennomført i 1964, var minimumskravet tre tilsette i kvar kommune. I dag er det store krav til kva oppgåver kommunane skal løyse, sa ministeren.

LES OGSÅ: Frå lokalflyplass til regionalflyplass på få år

Forsiktig med råd
Sjølv om han presenterte eit økonomisk scenario for ei samanslåing av Volda og Ørsta, var han forsiktig med å gi råd til kommunestyra om kor vidt dei bør slå seg saman med kvarandre, og kor vidt fleire kommunar bør inkluderast.

Sanner framheva likevel at kommunane etter reforma skal vere sterke nok til at ein unngår statleg detaljstyring og for mange interkommunale samarbeid. Mange meiner interkommunale samarbeid, som til dømes Volda og Ørsta Reinhald IKS, er mindre demokratiske enn vanlege kommunale verksemder.

LES OGSÅ: Frå ingenting til ein av Noregs største skateparkar